Tilbake
Alen Grujic
Sunniva Sundby
Terje Olestad
Sunniva Sundby
Sunniva Sundby
Sunniva Sundby

Sjuende - på ekte

"Sjuende - på ekte" (2019) er ein dokumentarserie som føl tre jenter ved Tøyen skole gjennom det siste året før ungdomsskulen. Serien er laga for barn og ungdom og tar opp viktige tema som kan vere grunnlag for samtale og refleksjon; identitet, mobbing, fattigdom og venskap.


Etter filmvisninga vil det bli samtale med regissørane. Dei vil fortelje korleis serien har bitt til, og elevane får stille spørsmål om innhaldet og korleis det er å lage dokumentar for og med barn. 

Dokumentarserien Sjuende - på ekte føl Zahra, Nilani og Nora gjennom det siste året på Tøyen skole. Vi blir kjende med dei tre jentene som ærleg og kompromisslaust fortel historier om å våge, å stole på seg sjølv og finne sin eigen veg. 

Nora er leiken og uredd og utfordrar gjerne det etablerte, og som rå fotballspelar får ho fortalt at ho kan bli ei stor stjerne. Zahra blei mobba alt i første klasse, men har gjennom venskapet med Nora lært seg å vere tøff og stole på seg sjølv. Nilani var ven med Zahra før, og gruar seg til første skuledag i sjuande klasse no når ho ikkje har vener.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer