Tilbake

Historier gjennom filmmediet - V21

Utgangspunktet for denne DKS-produksjonen er kortfilmen Campingliv (2016). Filmen handlar om fordommar, om korleis vi dømmer andre menneske og set merkelappar på dei. Handlinga er knytt til historier om utanlandske arbeidarar som kjem til Noreg og arbeider ulovleg som prostituerte. Elevane skal også få innføring i det praktiske arbeidet som ligg bak det å lage ein film. Såleis skal dei bli inspirerte til sjølve å lage film om samfunnsaktuelle tema og menneskelege relasjonar.


I tillegg til filmvisninga skal regissøren ha ein verkstad med elevane – fordelt på to økter. Elevane skal arbeide i grupper, finne fram til tema og situasjonar dei ønskjer å visualisere. Gjennom eigne historier, med referansar i Campingliv og andre filmsnutter ønskjer regissøren steg for steg å vise korleis ein kan fortelje historier gjennom film.


Campingliv hadde premiere ved Grimstad kortfilmfestival 2016, har vore vist på internasjonale festivalar og blitt tildelt fleire prisar.

Utdrag frå tildeling, Norsk filminstitutt: ”Campingliv er et modig prosjekt fra en spennende regissør, som ved å fortelle en sterk og personlig historie om rumenske Ada vil utfordre publikum, og samtidig si noe om hvordan våre holdninger påvirker måten vi forholder oss til andre mennesker på. Kortfilmprosjektet setter fokus på den enorme forskjellen som er mellom mulighetenes Norge og et fattig Europa.”

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Ina Lerner Grevstad er utdanna skodespelar, og arbeider som regissør og manusforfattar. Ho har fått etableringsstipend og kulturstipend av Bergen Kommune, og i 2018 fekk ho Statens kunstnarstipend for å etablere seg som spelefilmregissør.  Ho har nettopp ferdigstilt kortfilmen Ungene med produksjonsselskapet DUO Film, og er i manusutviklinga på ein spelefilm og ein TV-serie med selskapa Nordisk Film og Mer Film.

Publikumskommentarer