Tilbake

Small Talk - V21

I denne kortfilmen føl vi familien Dvergsnes frå Kristiansand gjennom tre hendingar som fann stad i 2014. Handlinga er sentrert rundt at Ruth Dvergsnes, den eldste i familien, vart sjuk og døde. Det sentrale i filmen er korleis familien handterer denne situasjonen.


Small Talk er ikkje bygd på eit ferdig manus og har ikkje skrivne replikkar. Personane i filmen har ikkje skodespelarerfaring, dei improviserer og brukar eigne ord. Regissør Even Hafnor vil gjere greie for kvifor han valde dette filmatiske grepet, og kva effekt det gir. Samtidig forteller han om utfordringar ved å regissere sine eigne foreldre, som på uventa vis enda opp med å spele hovedroller i filmen. Kombinasjonen av humor og alvor gjer at filmen er underhaldande, samtidig som han oppfordrar til ettertanke.


Her er nokre spørsmål Hafnor vil ta opp med elevane:

Korleis kan ein oppleve eit norsk familieselskap?

Kan vi vere oss sjølve når vi er med familien?

Korleis snakkar vi om vanskelege tema, som t.d. døden?

Korleis kan ein oppleve det å kome inn i ein ny familie?

Korleis er det å kome utanfrå inn i ein ny kultur?


Small Talk har fått 12 nasjonale og internasjonale prisar, vann Gullstolen i Grimstad og var i tillegg nominert som Beste europeiske kortfilm av det Europeiske Film Akademi i 2016.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer