Tilbake

Chaplin, humanismen og det 20.århundret - V21

Med ikoniske klipp frå filmar som The Kid, City Lights, Modern Times og Diktatoren blir Charlie Chaplin knytt til hendingar som europeisk utvandring til Amerika, depresjonen på 30-talet, den industrielle revolusjonen, og framvekst av ideologiar som kapitalisme, nazisme og kommunisme. Ved sida av komikaren, blir elevane kjende med Chaplin som humanist, provokatør og samfunnsdebattant. Formidlaren vil peike på kva som var så unikt med Chaplin som historieforteljar og filmskapar, og kvifor Chaplin stadig er relevant for oss i dag.


Chaplin er ein av de viktigaste filmskaparne gjennom tidene, og på 1920- og 1930-talet var han kanskje det mest berømte menneske i verda. Han var komikar og brukte posisjonen sin til å snakke svake grupper si sak, til å kommentere samfunnsutviklinga og til å åtvare mot farlege strøymingar han såg rundt seg. Han forfekta verdiar som solidaritet og nestekjærleik, demokrati og ytringsfridom – verdiar som alle stod under press i Chaplin si samtid.

Formidlaren vil ta elevane med gjennom høgdepunkta i Chaplins liv, frå oppveksten i lutfattige London, via kunstnerisk suksess, rikdom og skandalar i Hollywood, til utvisninga frå USA og dei siste åra med familien i Sveits. Framsyninga blir avslutta med Chaplin si gripande, framsynte og humanistiske tale i filmen Diktatoren. I desse dagar framstår Chaplins snart 80 år gamle monolog meir aktuell enn på lenge. Talen frå Diktatoren har fått et nytt liv via sosiale medier, og slik nådd eit nytt og yngre publikum.

Det er ønskjeleg at elevane er aktive og deltakande, og eit mål at dei skal få auka kunnskap om film og filmteknologi, og større forståing for film som kunstuttrykk.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Guttorm Andreasen er ein av dei mest mest erfarne og allsidige journalistane i landet. Han har arbeidd som programleiar, journalist, produsent, og redaktør i radio og TV sidan 1985. Han har meir enn 20 års fartstid i NRK.

Andreasen er ein populær foredragshaldar, konferansier og forelesar, og er også musikar, DJ og kulturarrangør.

Publikumskommentarer