Tilbake

Lag din eigen musikkvideo

I denne produksjonen får elevane lage sin eigen musikkvideo, og lære grunnleggande teknikkar rundt filming og redigering. Utfrå eigne idear skal elevane filme, klippe og eksportere ferdige filmar slik at dei kan visast mot slutten av skuledagen.


Elevane skal arbeide i grupper på 3 – 4, finne ein låt dei ønskjer å bruke, forme ein ide til musikkvideo og filme med mobiltelefonar. Kurset er laga med tanke på at elevar skal få betre kunnskap rundt det å bruke utstyr dei allereie har rundt seg.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Merethe Offerdal Tveit er filmskapar og har utvikla og tilpassa dette kurset. Ho har erfaring frå 4 år i DKS Hordaland med produksjonen "Kunsten å klippe ein kortfilm" og mange år med filmkurs i eigen regi.

Christian Meaas Svendsen er musikar, driv eige plateselskap og har god erfaring med Den kulturelle skulesekken. Han har vore på turne i regi av Rikskonsertene, og har halde konsertar og workshops for barn og unge i Etiopia, Brasil og Mexico.

Publikumskommentarer