Lokal BIFF 2020 - Himmel og hav - H20
Lokal BIFF 2020: Himmel og hav
Festivalframsyning av dokumentarfilmar og møte med regissørar, filmarbeidarar og/eller aktørar i filmane.
BIFF arrangerer lokal Biff på utvalde kinoar/kulturhus/skulestader i Vestland utanom Bergen. Tilbodet er utarbeidd særskild som lokal BIFF, og skil seg frå BIFF sitt ordinære program til vidaregåande skular i Bergen.
Elevane blir inviterte til ein heil festivaldag på skulen eller sin lokale kino, med framsyningar av dokumentarfilmar i ei anna ramme og setting enn det som har vore vanleg tidlegare.
BIFF har vald ut filmar som er henta inn frå dei største festivalane i verda, og som har vakt oppsikt mange stadar. Filmane blir viste i eige program, innanfor skuletida. Elevane får sjå tre filmar. Tematisk omhandlar dei alle tittelen på festivaldagen; "Himmel og hav" - sjøsport, utforsking og kystkultur.
Filmskaparar, andre filmarbeidarar eller dei som medverkar i filmane, er til stades under framsyningane. Dei innleier filmane med å presentere arbeidet sitt for elevane.
Kort om filmane (lenkjer til BIFF) :
Etter kvar film er det sett av tid til dialog mellom salen og filmskaparane, der elevane er oppmoda om å kome med eigne synspunkt, spørsmål og kommentarar.
Pedagogisk materiell:
BIFF har utarbeidd filmstudieark knytt opp mot dei utvalde filmane, mynta på førearbeid til festivalbesøket, i tillegg forslag til ettertankar etter festivaldagen. Sjå vedlegg i høgremenyen.
Pedagogisk materiell/filmstudieark, blir sendt ut når det ligg føre frå BIFF.
Visningsperiode: Veke 43; 19. til 23. oktober 2020, sjå tilsendt turnéplan.
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Om Bergen internasjonale filmfestival: Sjå BIFF si heimeside.
Publikumskommentarer