Tilbake

Alt du trenger for å lage podkast

I dette kurset lærer elevane alt dei treng for å produsere og publisere eigne podkastar. Dei får innføring gjennom lydeksempel og praktiske oppgåver, og opplæring i dramaturgi og intervjuteknikk.

Klasserommet blir gjort om til eit provisorisk studio der elevane får prøve seg både framfor og bak mikrofonen. I løpet av kurset vil fleire av desse spørsmåla bli drøfta; Kva er ein podkast? Korleis gjere intervju? Korleis skape bilde med lyd? Kva treng ein av utstyr? Korleis bruke musikk og lydeffektar? Korleis publisere ein podkast?


Podkast er godt eigna for dei som har noko på hjertet og som ønskjer å nå ut til andre menneske. Det er rimeleg både å produsere og distribuere, og kan gi tilgang til menneske på tidspunkt der andre plattformer ikkje er så godt eigna.

Dette podkast-kurset kan bidra til å utvikle elevane sine digitale ferdigheter. I læreplanverket står det at eleven skal “være kreativ og skapende med digitale ressurser, og å kommunisere og samhandle med andre i digitale omgivelser. Det innebærer å kunne bruke digitale ressurser hensiktsmessig og forsvarlig for å løse praktiske oppgaver.”


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Marstrander og Rutle

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Christian Lyder Marstrander er forfattar, og har 10 år bak seg som programleiar og radiojournalist i NRK, mellom anna i Lørdagsbarnetimen, Radioselskapet og EKKO.

Eivind Volder Rutle har laga ei rekkje høyrespel, dokumentarar og podkastar. Han har bakgrunn som sakprosaredaktør, regissør, tv-klippar og festivalsjef.

Publikumskommentarer