Tilbake

Kortfilm Ella

Filmen «Ella» viser ei mor og ein far som skal besøke den 15 år gamle dottera som sit i fengsel for drap. Temaet i filmen er barn i fengsel og ei mor sin vilkårslause kjærleik til barnet sitt.

Etter visninga vil regissør Tommy Næss fortelje om korleis han får inspirasjon som filmskapar, korleis ein film blir produsert og om prosessen frå ide til ferdig film. Elevane blir tekne med i diskusjon om kva verkemiddel som er brukte i filmen. Andre tema som er naturlege å ta opp kan vere: barn i fengsel, forhold i norske fengsel samanlikna med andre land, foreldre sin kjærleik til barna sine osv.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Tommy Næss har brei erfaring og solid bakgrunn som fotograf og filmskapar. Dei siste åra har filmane hans blitt viste på ei rekkje nasjonale og utanlandske filmfestivalar. 

Publikumskommentarer