Tilbake
Humberset foto

Lurivar og det hemmelege skrinet - V21

Forfattar Lars Mæhle og komponist Beate Lech står bak denne produksjonen som har form som eit musikkteater. Lurivar, katten frå Ivar Aasen-tunet, har ein koffert med bøker. Elevane får også møte ein kunstmålar med staffeli, målarsaker og eit hemmeleg skrin. Lurivar og kunstmålaren presenterer nynorske bildebøker og boltrar seg i fantasifulle ord og flotte illustrasjonar. 

Lurivar og det hemmelege skrinet samsvarar med kjerneelementa for norskfaget i Fagfornyinga 2020.  Elevane får møte nynorsk litteratur, eksperimentere med språk og reflektere rundt dialekter.

Kunstmålaren elskar illustrasjonane i biletbøkene til Lurivar som er mest oppteken av orda og forteljingane. Framsyninga og samspelet mellom Lurivar og kunstmålaren har eit humoristisk driv som gjer at elevane blir engasjerte. Dei får kome med innspel til utøvarane, vere med å leike med ord og sjå korleis tekst og bilete påverkar kvarandre.  

I St.meld. nr. 8 (2007–2008) Kulturell skulesekk for framtida, kap. 4.9., blir det poengtert kor viktig det er for alle elevar å møte eit språkleg mangfald gjennom kulturtilbod i skulen:   

“Særleg viktig er det at elevar med nynorsk opplæringsmål møter si eiga målform på brei front i den formidlinga som skjer i skulen. Dei treng all den motvekt dei kan få mot den sterke bokmålspåverknaden utanfor skulen. Auka vekt på å formidle kunst og kultur på nynorsk gjennom Den kulturelle skulesekken kan difor vere med å styrkje den språklege identiteten til nynorskelevane. Den kulturelle skulesekken vil på den måten byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen og i større grad gjere skulen til ein berar og formidlar av språkleg og kulturell identitet.» (…) Det er viktig at kommunar og fylkeskommunar har dette språkpolitiske perspektivet i tankane i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken òg når dei legg konkrete planar for kunst- og kulturtilbodet i ordninga. I den samanheng er det ynskjeleg med eit visst tilbod på nynorsk også for bokmålselevar.” 

Tunkatten.no 
Tunkatten.no tilbyr nynorske digitale ressursar, og musikk frå framsyninga er tilgjengeleg på nettstaden med tekst og notar. Nettstaden har fleire forteljingar, eiga ordliste, ordleikar og lydbøker.


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Nynorsk kultursentrum

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet og Allkunne i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Telemark. Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt, og eig og driv tre festivalar. 

Publikumskommentarer