Tilbake

MELTING

Veit du eigentleg kor mange gonger du kan fly til Thailand før jorda går under? Eller kor mykje CO2 det kostar å laga ei teaterframsyning?

MELTING er tre ting på ei gong; føredrag, konsert og teater. MELTING er politisk analyse, musikk framført på vinglas, og ein enorm roterande installasjon som fyller scenen og gir assosiasjonar til verdsrommet. Det handlar både om det store systemet og det vesle mennesket. 

– Kva skjer når isen smeltar? Når økonomien smeltar?
– Kva skjer når samfunnet, velferdsstaten, fellesskapet, offentleg kunstfinansiering og framtidsutsiktene våre smelter?

MELTING er eit samarbeid mellom Amund Sjølie Sveen, installasjonskunstnar Lawrence Malstaf og musikarane i Slagr.

FØREBUING

Sjå pdf med førebuingsopplegg - kan lastast ned frå kolonna til høgre. 

Lærarrettleiing

Last ned:
Informasjonsark til plakat.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Produsent: Amund Sjølie og BIT Teatergarasjen, Bergen (NO)

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Amund Sjølie Sveen

Katrine Schiøtt

Helga Myhr er ein hardingfelespelar og songar fra Ål i Hallingdal som har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskule. Myhr er ein sterk tradisjonsbærar innanfor solo hardingfele som har fordjupa seg i både den tradisjonelle musikken og nyskaping. Hennar fyrste soloalbum, "Natten veller seg ut" kom ut i oktober 2019. 

Publikumskommentarer