Tilbake
Mariel Lødum
Mariel Lødum

Askeladden - På nye eventyr - H20

​​​​​​​Gjennom spektakulære akrobatiske krumspring og smittande energi formidlar Absence norske folkeeventyr på ein ny og spennande måte. 

Framsyninga har dansen i sentrum og er bygd rundt kjende folkeeventyr. Elevane får møte Espen Askeladd og brørne hans som skal prøve å vinne prinsessa og halve kongeriket. Vi veit alle korleis det endar, men kva som skjer med Askeladden på veg til kongsgarden er ei anna historie.

”Absence har samlet de mest kjente og kjære folkeeventyrene til en forestilling med musikk, humor, skuespill, halsbrekkende akrobatikk og ikke minst mye fantastisk dansing. De er ute etter å imponere publikum, få dem til å humre og le. Slik har du garantert aldri sett Bukkene Bruse, prinsessen og Espen Askeladd før!” – dns.no

Ei framsyning vi trur elevane seint vil gløyme!


Lærarrettleiing

Det er fint om elevane er kjende med dei norske folkeeventyra Espen Askeladd, Dei tre bukkane bruse og Prinsessa som ingen kunne målbinde.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Absence Crew er ei prisvinnande dansegruppe med hip hop som hovudsjanger. Dei starta i Bergen i 1999 og har sidan den gong spesialisert seg innanfor spektakulære sceneshow og fysiske teaterførestillingar. Absence er Norgesmeistarar i break-dance og vinnarar av underhaldning- og talentprogrammet Mitt Dansecrew (tv2). Sjå nettsidene deira for meir informasjon.


Ide/manus/koreografi:  Absence 

Dramaturg: Solrun Iversen, DNS, Tormod Løvoll

Kostyme: Den Nationale Scene

Musikkmiks: Absence og Den Nationale Scene

Lysdesign: Den Nationale Scene

Forteljarstemme: Bjarte Hjelmeland

Publikumskommentarer