Tilbake
Andreas Bergmann
Andreas Bergmann
Andreas Bergmann
Andreas Bergmann

1 1/2 - en forestilling om ensomhet V21 (Oddmann Productions)

Dokkemannen Antero startar på nytt i eit tomrom. Der kan han vere akkurat den han er, og det blir ikkje  bråk. Men han treng nokon å danse med! Eit par sjongleringsballar kanskje? Eller ein kjærast?

Antero er middelaldrande, kortvaksen og kjem lett i krangel. Han elskar frynser og sollyset frå lampa. Antero har retningar og punkt å halde seg til og han kan vere kva som helst; ein sjonglerande cowboy for eksempel.

Det er herleg å få ein ny sjanse, byrje på nytt, heilt åleine. Eller? Kven er den stemma? Den rare kvinna som dukkar opp og ikkje let ham vere i fred? Hmm...

Antero treng nokon å danse med. I avisa finn han kjærestar av ulike kaliber, berre ei passar til han! Men når ho plutseleg ringjer på døra får han panikk... Ho heiter Andrea og elskar alt i leilegheita hans...

1 ½ er ei framsyning om det å vere einsam. Antero vil skapa seg ein levemåte der han har full oversikt og kontroll - der ingen bryr seg eller lagar bråk, men han kjenner på ein snikande einsemd. Ei annan stemme dukkar opp - snakkar han med seg sjølv? Held han på å bli sprø? Eller finnast det verkeleg nokon der som vil møte han? Korleis skal Antero kome seg vidare og finne lykka?

Frida Odden Brinkmann er sjonglør og sirkusartist, med 1 ½ knyter ho saman figurteater og nysirkus i ei underfundig soloframsyning.

Om utøvarar og produsentar

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Oddmann Productions

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Frida Odden Brinkmann er utdanna ved Académie Fratellini i Paris, Cirkuspiloterna i Stockholm og ved AFUK i København.
Ho har jobba som profesjonell sjonglør og sirkusartist sidan 2008. Både sjølvstendig og i anerkjente kompani som Jérôme Thomas Cie (F), Gandini Juggling (UK) og NoFit State Circus (UK). Ho er ei av få kvinner i verda som kan sjonglere med 9 sprettballar på ein gong.

1 ½ er hennar fyrste soloprosjekt, produsert i 2012.

Publikumskommentarer

Fantastisk!!!!Alle, både voksne og barn var imponert og overrasket over den spennende forestiliingen. Det var et superkjekt musikkteater, det var både kreativt og morsomt! Vakkert og spesilet fortalt om det å være alene, og forandringen som kom når de ble "to..."Meget proffesjonelt og troverdigt. Stykket var godt bygget opp, og artisten viste en utorlig kroppskontroll, som elevene sa det...: "ho var flink til å gå baklengs. God lyd og fine overganger. Kom snart tilbake:)Helsing oss på Kinsarvik skulePublisert av: Randi Johannesen (klasse 1.-7. trinn Kinsarvik skule) – 28.1.2015 10:34