Tilbake
Lars Opstad
Lars Opstad

Tidskapselen, Kvernsteinsparken.

Også dette skuleåret vil elevane på 9. steg i fylket få kulturarvtilbodet «Tidskapselen». I samarbeid har Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet, der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.

«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?

Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt.

Som forarbeid til besøket i Kvernsteinsparken skal alle klassane lage ein tidskapsel: Elevane må bestemme nokon gjenstandar som skal (i overført betyding) pakkast ned i ein tidskapsel som skal opnast igjen om 1000 år. Når klassen kjem til Kvernsteinsparken skal dei først presentere sin tidskapsel. Vi finn ut at museum også er tidskapslar: Dei plukkar ut ting som skal oppbevarast for framtidige generasjonar. Så skal elevane gå på detektivjakt i Kvernsteinsparken: Kva slags tidskapsel er parken? Kva  spor frå fortida er her? Gruppevis skal dei lage ein teatersnutt om kva som kanskje kan ha hendt på akkurat denne staden for 1000 år sidan.

For å forstå fortida betre kan det hjelpe med å lage ting på akkurat same måten folk gjorde det før. Derfor skal elevane prøve seg på handverk og ferdigheiter som var vanleg for 1000 år sidan: Smi, hogge stein, male korn, lage bål, skyte med pil og boge. Her får elevane hjelp frå 7. klasse frå Hyllestad skule. Dei har lært seg dei ulike handverk og er instruktørar for 9. klasse.


Viktig informasjon:

«Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Detaljert informasjon om dato for besøk etc. finn de i turnéplanen.

Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til DKS. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette (NB. Ikkje reiserekningskjema). Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Musea tek kontakt med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.

Fakturaadresse for transport
Sogn og Fjordane fylkeskommune, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».

​​​​​​​

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Kvernsteinparken

Publikumskommentarer