Ringeren i Notre-Dame - V21
Ei natt blir eit lite deformert barn funne på steintrappa til Notre-Dame i Paris. Eit born ingen vil ha, eller vedkjenne seg. Tjue år seinare har barnet blitt ein ung mann, med eit veksande ynskje om å gå ut i verda utanfor katedralen og møte menneska der.
Handlinga i Victor Hugos klassiske roman «Ringeren i Notre Dame» fra 1831 foregår i og omkring den veldige katedralen Notre Dame i Paris på 1400-tallet. Elevane får møte Quasimodo – den vanskapte ringaren, Frollo – presten i katedralen og Esmeralda – den vakre romkvinna. Historia om Quasimodo inneheld både komikk og tragedie, skrekk og romantikk. I botn ligg ei sterk forteljing om utanforskap som mange kan kjenne seg igjen i.
På scenen står musikar Bo Platzack som saman med skodespelaren Anders Sanzén i 35 ulike roller, tek publikum med inn i gatene i Paris, under jorda, opp i kyrkjetårnet og inn i den dramatiske historia om Quasimodo.
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
- Idé/ opplegg: Sanzén Produktioner & Akershus teater
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Anders Sanzén er ein svensk skodespelar og har medverka i fleire filmar, seriar og reklamar som har vore vist på norske skjermar. Han er utdanna ved Ecole Internationale de Théatre Jacques Lecoq i Paris.
Bo Platzack kjem òg frå Sverige og bur i Noreg. Han arbeidar til vanleg som skodespelar, regissør og teaterpedagog og er utdanna ved Ecole Internationale de Théatre Jacques Lecoq i Paris, og ved Ecole Philippe Gaulier i London.
Begge har fleire år med erfaring frå DKS etter å ha turnert over heile landet.
Publikumskommentarer