Tilbake
Vigdis Nielsen
Vigdis Nielsen
Vigdis Nielsen
Vigdis Nielsen
Vigdis Nielsen
Vigdis Nielsen
Vigdis Nielsen

Les for livet!

Les  for livet er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Les for livet er ei intenst spanande science fiction-forteljing der klima, venskap, samarbeid og kjensler er stikkord.  

To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse et livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid! 

 I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det seks utvalde barne- og ungdomsbøker. Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene inn i eit skjema på jakt etter eit endeleg løysingsord. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du Jorda!, er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan seksti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet!  

 På reisa tilbake til jorda dukkar vi inn i scener frå mellom andre Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland og Keeperen og havet av Maria Parr. 

Lærarrettleiing

Last ned:

​​​​​​​Kvifor er produksjonen viktig for målgruppa?
I Les for livet! blir nyare nynorsk barne- og ungdomslitteratur formidla på ein spennande, medrivande og levande måte. Framsyninga tek utgangspunkt i det høgaktuelle temaet klimaendring og reiser viktige spørsmål knytt til identitet, venskap og samarbeid. Kjenslene som vert formidla gjennom litteraturen er det sentrale i produksjonen.

Læreplanen i norsk for 7. trinn seier at elevane skal kunne lese eit breitt utval av norske tekstar og reflektere over innhald og form. I tillegg til å møte språket og litteraturen, vil dette møtet med kjensler gi elevane verktøy til å kunne utvikle språkleg identitet, kunne bruke språk til å tenkje, kommunisere og knyte band til andre. 

Det er utvikla eit digitalt undervisingsopplegg som skulane kan bruke til å arbeide vidare med bøkene frå framsyninga etter besøket. Opplegget er utvikla i samarbeid med Foreningen Les og Nynorsksenteret. 

https://nynorsksenteret.no/lesforlivet

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent:  Nynorsk kultursentrum Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet og Allkunne i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Telemark. Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram og driv tre festivalar: Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet, Ulvik poesifestival og Litteraturdagane i Vinje.
  • Idé/ opplegg: Den prislønte forfattaren Lars Mæhle har skrive manuset til Les for livet, og Morten Joachim har hatt regien.  Mæhle fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009. I 2009 blei han tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, og han vann UPrisen i 2010. Han har òg blitt nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Siri Beate Fossum har utdanninga si frå drama og teaterkommunikasjon ved Universitetet i Stavanger, musikkteater ved Bårdar Akademiet og forteljarkunst frå HiOA. Ho har jobba med både teater, musikal og teaterinstruksjon og har erfaring frå Det Norske Teatret, Hedmark teater og Opera Omnia. Ho er no skodespelar og teaterinstruktør for Ttrafo – teater i fjellregionen.

​​​​​​​Kim Helge Strømmen er utdanna ved Guildford School of Acting (2010-2013). Etter endt utdanning har han medverka i fleire produksjonar både i England og Noreg, blant andre Singin' In The Rain - Uk & Ireland Tour, En Midtsommernattsdrøm - Teater Framdrift, Measure for Measure (Like for Like) - Akershus Teater, Tutomaten - Teater Joker. 

Hanne Mellingen er utdanna skodespelar og musikalartist frå Bårdar Akademiet. Sidan ho gjekk ut i 2013 har ho arbeidd frilans i det frie scenekunstfeltet i Bergen. Ho er både skodespelar, songar, dansar, tekst- og manusforfattar, klovn og instruktør, og har erfaring med alt frå Ibsen til musikalar, sommarrevyar og barneteater. 

Publikumskommentarer

Fin og spanande framsyning som engasjerte elevane. Passa fint for mellomtrinnet.Publisert av: Anne Lise Hildenes Engeland (klasse - Hjelle skule) – 7.11.2019 10:39
Fin framsyning. Gav ekstra leselyst og vekke interesse for dramatisering.Publisert av: Aina Otneim Vårdal (klasse - Stadlandet) – 8.11.2019 12:43