Tilbake

Ambulance

Dokumentarfilmen Ambulance er laga av Mohamed Jabaly. Han er frå Gaza og har levd der heile livet. I 2014 var han 23 år og arbeidde som fotograf og laga video for ein lokal organisasjon. Same året braut det ut krig i Gaza, og frå første dag vart Jabaly med og filma eit ambulanseteam.

Jabaly risikerte livet for å filme dei som også risikerte sine liv for å hjelpe sivile. Då krigen var over, reiste Jabaly til Tromsø for å delta på ein festival. Med seg hadde han alt råmaterialet han hadde filma med ambulanseteamet. Medan Jabaly var i Noreg, vart grensa til Gaza stengd, og det vart umuleg for han å returnere til heimlandet.

Ambulance vart ferdigstilt og produsert i Noreg, og resultatet blei ein rå film som fortel historia om å leve i krig og om korleis helsepersonell set seg sjølv i fare for å hjelpe andre.

Under denne DKS-turneen vil Mohamed Jabaly sjølv reise rundt med filmen, samtale med elevane og svare på spørsmål etter kvar visning. 

Lærarrettleiing

Last ned:
Pedagogisk materiell

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer