Tilbake

Luison og Cuba

Cubanske rytmar med høg salsafaktor

Det er ikkje lett å sitte stille når cubanske rytmar frå desse musikarane slepp til! Bandet Luisón og Cuba spelar tradisjonell Cubansk musikk, same sjanger som her til lands er best kjend igjennom Buena Vista Social Club og latinobølgja som feia inn over landet på 90-talet. Sjefen i bandet er den kubanske perkusjonisten, songaren og komponisten Luisón Medina Capote. Luison har ein litt uvanleg bakgrunn. Han har vore profesjonell fotballspelar for Cuba, og har spelt mange landskamper for det cubanske landslaget. På konserten vil elevane få oppleve cubanske rytmar og bli nærmare kjende med både Luison og medmusikarane hans. 

Sjå elles merknadsfeltet når det gjeld førebuing til konserten. 

GOD KONSERT!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • Idé/ opplegg: Luison Medina Capote i samarbeid med musikkprodusentane Kristin Løseth Waade og Ola Sundström.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Med seg på konserten har Luison Capote tre dyktige kubanske musikarar. På piano finn vi stockholmbaserte Ricardo Ortega fra Cuba, han er utdanna frå Cuba (National Scool of art). Frå han vart uteksaminert i 1990 har han spelt og turnert verda rundt med m.a Maykel Blanco og bandet Azucar Negra i tillegg til å ha sitt eget band i Sverige. På bass finn vi Jan Miklos Bogdan (Stockholm) og Hades Heriberto Hernandez (Bergen) spelar perkusjon.

Publikumskommentarer