Tilbake
Musea i Sogn og Fjordane.

Tidskapselen, Sogn kunstsenter.

I samarbeid har Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet "Tidskapselen", der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.

«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?

Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt. "Tidskapselen" er eit årleg tilbod og vert arrangert for tredje gong i år.

Museumsdagane ved dei fleste musea vert arrangert i september/oktober. «Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Informasjon om dato for besøk finn de i turnéplanen.

Viktig praktisk informasjon:

  • Elevane må ha med seg matpakke og noko å drikke.

  • Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til DKS. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

  • Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Museet tek direkte kontakt  med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.

Fakturaadresse for transport
Sogn og Fjordane fylkeskommune, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».


Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Musea i Sogn og Fjordane
  • Idé/ opplegg: Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ DKS og Musea i Sogn og Fjordane.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Sogn kunstsenter.


Publikumskommentarer

Samla tilbakemelding frå 9.trinnet ved Halbrend skule: Dette var bra: Ho som holdt opplegget var flink til å forklare og var engasjert. Kjekk å høyre på og kunnskapsrik. Ho var oppteken av at ho ville ha konstruktive tilbakemeldingar og vi merka at ho gjorde justeringar frå første klassen til dei andre. Fint med konkrete gjenstander som elevane fekk sjå og ta på. God økt i klasserommet der elevane fekk kjenne på korleis det var å vere elev i tidlegare tider. Dette kunne vore annleis: Dumt at elevane vart slepte så tidleg. Opplegget kunne med fordel vart enten ein halv dag eller ein heil dag. Den første klassen synest første økta vart for lang. Dette var noko betre for dei andre klassane. Burde gjort enda meir ut av økta i klasserommet. Her kunne elevane ha fått dramatisere noko. Kunne tatt i bruk fleire av husa på museet, kanskje i forbindelse med dramatisering i skulestova. Kunne fortalt litt meir om gjenstandane andre klassar har valt.Publisert av: Torbjørn Tjugum (klasse - Halbrend skule) – 11.9.2019 13:10
Samla tilbakemeldign i frå oss ved Eid Ungdomsskule som var på besøk i veke 37. Eva Felde som losa oss gjennom opplegget er ei dyktig og engasjert dame. Vi møtte eit variert opplegg denne dagen og elevane trivdes godt, og gav uttrykk for å ha lært mykje. Det var spesielt kjekt å vere med ute på dei 3 ulike stasjonane. Hos oss meinte den eine klassen at første økta vart noko lang. Vi meiner at 3 timar på museet var passelig tid. Alt i alt ein flott dag:)Publisert av: Line Balsnes (klasse - Eid Ungdomsskule) – 13.9.2019 12:33