På turnè for DKS Vestland
Vestland fylkeskommune skal gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS) formidle profesjonell kunst til elevar i grunnskule og vidaregåande skule i fylket.
Ein god ambassadør!
• På turné er utøvarane representantar for Vestland fylkeskommune.
• Det er forventa at utøvarane opptrer som gode rollemodellar.
• Det er viktig å vere imøtekommande og innstilt på å finne gode løysingar.
DKS er ei nasjonal satsing finansiert gjennom overskot frå Norsk Tipping og bidrag frå kommunar og fylkeskommunar. Vestland fylkeskommune ved kulturseksjonen administrerer satsinga i Vestland. Kvar kommune har i tillegg si lokale DKS-satsing.
Under finn du informasjon frå kulturseksjonen til utøvarar på turné i Vestland fylkeskommune:
Turnéplanar
Utøvarane finn til ei kvar tid oppdaterte turnéplanar på www.skulesekken.no
Kontakt med skulane
Kvar skule har ein eller fleire kulturkontaktar som er utøvarane sin kontaktperson. Utøvarane skal kontakte skulane i god tid før turneen for å sikre at skulane er klare for besøk. Utøvarane skal alltid undersøkje med skulane om dei har elevar med særskilde behov, og avtale deretter. I tillegg sender kulturseksjonen påminning til skulane via e-post, og følgjer opp på telefon om naudsynt.
Reise, diett og overnatting
Kulturseksjonen bestiller reise til/frå Vestland etter avtale med utøvarane. Kulturseksjonen bestiller all overnatting og sender reiserute med oversikt over hotell før turnestart. Om utøvarane ønskjer å endre overnattingsstad undervegs, skal det skje via kulturseksjonen v/kontaktpersonen for turneen. På turné får utøvarane dekka reise og diett etter statens satsar. Utbetaling skjer i etterkant. Om utøvar fører noko på hotellrommet må han hugse å gjere opp ved utsjekk.
Sjå elles om dette i kontrakten for turneen.
Leigebil
Etter behov tingar kulturavdelinga leigebil. Følgjande vilkår gjeld ved bruk av bil leigd av kulturseksjonen:
• Utøvarane skal alltid sjekke bilen for skader ved mottak/levering og melde frå til utleigar.
• Leigebilen skal leverast tilbake i same stand som då han vart tatt i bruk.
• Vert bilen levert tilbake til utleigar utanom opningstid t.d. parkert på flyplass, parkert hos utleigar og nøkkel levert i postkasse eller liknande, skal utøvarane om mogleg ta bilete av bilen for å dokumentere kva stand den er i. Bileta skal sendast til kulturavdelinga v/kontaktperson for turneen. Dette er for å sikre at kulturavdelinga ikkje vert belasta for skader/hærverk som blir gjort på bilen etter at utøvarane har levert han.
• Eventuell privat bruk av leigebil (til utflukter, sightseeing, private besøk og liknande) skal avklarast med kulturseksjonen på førehand. Det vert i kvart enkelt tilfelle vurdert om utøvarane sjølve skal betale for slik bruk.
• Ved privat bruk av leigebil må utøvar sjølv dekke eigenandel ved skade.
• Eventuelt tjuveri eller skade på bil/utstyr skal snarast meldast til kulturseksjonen. Dersom bilen vert skada, må utøvarane fylle ut skademelding.
Økonomi
Kulturseksjonen skriv kontrakt med utgangspunkt i gjeldande rammeavtale for oppdrag i DKS.
Forsikring og skade
Utøvarane må sjølv syte for at utstyr/instrument er forsikra.
God tur på turné Vestland!