Den beste kulturelle skulesekken i landet
Sogn og Fjordane er på førsteplass på Norsk kulturindeks 2018 når det gjeld tilbodet i Den kulturelle skulesekken (DKS).
– Vi jobbar mykje med å gje elevane i Sogn og Fjordane eit så godt og variert kunst- og kulturtilbod som mogleg. Då er det kjekt å sjå at arbeidet gjev resultat. Dette var stas, seier DKS-koordinator i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker.
Sogn og Fjordane har tidlegare delt førsteplassen med Telemark.
Måler samla DKS-tilbod
Norsk kulturindeks måler heile DKS-tilbodet i fylket, både det som blir formidla av kommunane og av fylkeskommunen. Fylkeskommunen står for det største tilbodet og formidlar turnear til både grunnskule og vidaregåande opplæring.
I Norsk kulturindeks tronar Sogn og Fjordane aleine på topp, eit stykke framfor Aust-Agder på andreplass og Vest-Agder på tredjeplass.
Jobbar med å balansere tilbodet
Tala i kulturindeksen er basert på breidda og omfanget i DKS-tilbodet totalt for alle kommunane i fylket. Det vil seie kor mange ulike sjangrar elevane har fått oppleve, og kor mange tilbod elevane i grunn- og vidaregåande skule har fått i løpet av året.
– Vi har dei siste åra jobba særleg med å balansere tilbodet i skulesekken med ulike kunst- og kulturuttrykk. Eitt av tilboda er at alle elevane på niande steg kvart år får ein DKS-dag på det næraste museet. Vi har også jobba aktivt med film og å få inn fleire filmar, då denne sjangeren tidlegare var underrepresentert i tilbodet til skulane, seier Høstaker.
Om Den kulturelle skulesekken
Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg, både i grunnskulen og den vidaregåande skulen, får møte, gjere seg kjent med og utvikle forståing for profesjonell kunst og kultur av alle slag. I Sogn og Fjordane er det fylkeskommunen som administrer tilbodet til elevane i fylket.
For meir informasjon
Øyvind Høstaker
DKS-koordinator
952 22 168
oyvind.hostaker@sfj.no