Utforsk våre produksjonar og sjå kva som skjer

Gå til kommune eller skule

DKS - Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde

Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde

Telefon: 576 38 000, 95222168

E-post:oyvind.hostaker@sfj.no

Kontaktperson:Øyvind Høstaker

Tal på produksjonar: 27

  • Alle
  • Barnehage
  • Grunnskule
  • VGS
Opne filter

Adoptert nynorskforfattar

Litteratur, Trinn: 8-10
Kven er eg eigentleg? Dette spørsmålet har forfattaren Brynjulf Jung Tjønn frå Sogn og Fjordane stilt seg ofte. Då han vaks opp følte han seg annleis enn dei andre borna og lengta bort. Han flytta til Oslo og slutta å skrive på nynorsk. Men etter ei stund skjønte han at dette var feil. Etter å ha vakse opp med nynorsk, forstod han at nynorsken var alt for viktig del av identiteten hans.I denne produksjonen vil Tjønn gjennom ord og bilete vise kor viktig det nynorske språket er for han, kor tett språk og identitet heng saman, og korleis ei reise tilbake til fødelandet Sør-Korea fekk han til å forstå kvifor han blei forfattar. 

Bufaste Tonar

Musikk, Trinn: 1-4
Engasjert trio med levande tradisjonsmusikk frå Sogn og Fjordane.Når vi er i lag med andre, kan det ofte vere fint med musikk til både spel, song og dans. Slik var det også før i tida. Slåttar, songar og stev vart lært vidare og spreidd til nye delar av landet. Dei beste spelemennene sette kvarandre i stemne på dei store marknadane til kappspel og for å tene seg ein slant. Dette var møtepunkt der slåttar og songar vart vidareført, og mange drog heim med ny musikk og nye musikalske impulsar.På konserten «Bufaste tonar» får elevane møte kvedaren Judith Vestreim i lag med Håkon Høgemo på hardingfele og Tom Karlsrud på trekkspel. Dei vil ta publikum med på ei folkemusikalsk reise der elevane får møte den levande tradisjonsmusikken frå Sogn og Fjordane, og sjølve få oppleve korleis folkemusikk kan vidareførast frå generasjon til generasjon i munnleg tradisjon. Elevane skal i løpet av konserten også få lære seg ein song, og ei regle eller to. FørearbeidI sitt møte med elevane vil musikarane lære bort ein song på «gamlemåten» med direkte overføring der og då. I tillegg er det fint om elevane også lærer seg songane "Blaokodla" og "Da e no so fagert" på førehånd. De finn dei to songane både som notar med tekst og lydfiler i kolonna til høgre.


Eit lite stykke Brasil

Musikk, Trinn: 8-10
Gabriela, Per og Audun har gjennom åra lært seg ulike instrument, dei har vore innom mange forskjellige musikksjangrar og samarbeidd med mange musikarar dei har møtt på sin veg. Det bergenske musikkmiljøet førte desse tre saman, og dei fann raskt «tonen». Kjærleiken til den brasilianske musikken vart ein fellesnemnar. I konserten fortel dei korleis denne kjærleiken oppstod, og kva dei har gjort for å følgje draumane sine.Mange kjenner til sjangrane Bossa Nova og Samba, men trioen ønskjer òg å presentere musikk som sjeldan vert spelt utanfor Brasil.

En folkefiende

Annet, Trinn: 8-10
Den kulturelle skulesekken samarbeider også i år med teaterfestivalen i Fjaler. Teaterproduksjonen «En folkefiende» med Teateret vårt vert synt for ungdomsskuleelevar i Fjaler. Stykket er ein Ibsen-klassikar som er tilrettelagt for ungdom. Handlinga tek opp tema rundt korleis vi kan takle dagens samfunnsproblem når vi ikkje lenger kan snakke, lytte og diskutere med kvarandre?

Engelen frå Kobane

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Engasjerande og hyperaktuelt om kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria.  I 2014 dukka det opp bilde av ei ung, militærkledd, kurdisk jente i sosiale medium. Ho heitte Rehana og var jusstudent. Bildeteksten fortalde at jenta skulle ha drepe over 100 IS-soldatar i dei harde kampane som den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa i grensebyen Kobane. Bilde av Rehana vart delte fleire tusen gonger, og ho fekk tilnamnet «Angel of Kobane». Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ein myte. Men alt har skjedd – og skjer framleis i verda i dag. Rehana vert stilt overfor umenneskelege val i krigen som har skapt vår tids største humanitære tragedie, der halve befolkninga er driven på flukt. 

"Engelen frå Kobane" er skrive av den britiske dramatikaren Henry Naylor og er siste del av hans trilogi om konfliktane i Midt-Austen. Stykket har vunne fleire prisar og fått strålande kritikkar. 

Farfars bombekrater

Scenekunst, Trinn: 1-7
"Fortel for meg, då farfar! Fortel om krigen! Om bomba som fall gjennom huset, om soldatane, og om den gangen du nesten vart arrestert!"I denne spennande teaterframsyninga får ein oppleve dramatiske, rare, triste og morosame historier om kvardagslivet i en doktorfamilie på Voss under andre verdskrig. Korleis var det å måtte ete lungemos og blodpudding til middag, gå rundt i sko laga av fiskeskinn og stadig vekk måtte søke dekning på grunn av flyalarm? Dramatisk vart det på vesle Voss då bygda vart bomba i aprildagane i 1940. Doktorhuset vart treft av ei av bombene, og denne historia dannar ramma for Farfars bombekrater. Det er forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus som aleine spelar ut historiene som hennar farfar fortalte henne då ho var liten, gjennom forteljing, dramatisering, rollebytte, bilete og musikk. Desse historiene kan ein også lese i biletboka «Farfars bombekrater», nydelig illustrert av Elisabeth Moseng. Boka kom ut på bergensforlaget Mangschou hausten 2015. Krig er eit vanskelig tema å formidle for barn, og dessverre også svært aktuelt i våre dagar. Farfars bombekrater gir et nært og konkret bilde av korleis krig kan påverke ein helt vanlig familie, og viser korleis håpet, humoren, medkjensle med andre menneske og motstandskraft kan bestå, trass i svært vanskelige kår.

Forfattarbesøk med Terje Torkildsen

Litteratur, Trinn: 8-10
Dette er eit forfattarbesøk der Terje Torkildsen les frå bøkene sine og snakkar med elevane om litteratur og lesing. Torkildsen har jobba som standup-komikar i 20 år og brukar mykje humor i formidlinga si. Forfattarbesøka hans blir gjerne kalla for standup-bokbad. Han skreddarsyr alltid opplegget etter ønskje frå lærarane og spørsmål frå elevane.Torkildsen debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco, og har sidan gitt ut ungdomsbøkene Dystopia 1-4, Arrfjes, Stavanger Stories 1-2 og i år kom Isla Bontia.

Forfattarmøte: Anders Totland

Litteratur, Trinn: 8-10
Verda er i forandring. Klimaendringar, kva skjer og kvifor skjer det? Er det mogleg å forstå, mogleg å gjere noko med?  Kva betyr vår livsstil for miljøet? Korleis kan ein ta miljøvenlege val? Og er vi eigentleg villige til å gjere grepa som må til?

Anders Totland er ein samfunnsengasjert sakprosaforfattar som har skrive ein tekst som tematiserer natur-, miljø- og klimautfordringar i vår tid. Med utgangspunkt i dyrevelferd, matproduksjon og overforbruk inviterer han elevane til å diskutere kva som er i ferd med å skje med jordkloden og naturen rundt oss.
Totland gir vidare eit innblikk i forfattarprosessen, korleis oppstår idéar, kvar finn han inspirasjon, kvifor skriv han for ungdom?Kommunar: Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Årdal, AurlandTurneperiode: veke 37 og 38

Geitejazz (Sogn og Fjordane Teater)

Scenekunst, Trinn: 1-4
I denne forestillinga inviterer Idun Losnegård og Jacob Wyrtz elevane til å vere med på ein oppjazza versjon av eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane». 

I eventyret møter vi geitemamma og dei sju geitekillingane hennar, i tillegg til ein litt småsvolten ulv. Ein dag må geitemora ut for å leite etter mat og dei sju killingane må vere att aleine heime. Ho gir killingane sine streng beskjed om at dei ikkje må opne døra for nokon, og iallfall ikkje ulven. Killingane gjer så godt dei kan, men ulven kan mange triks som ein må ha levd i fleire geiteår for å kunne gjennomskue. Han et krit for å gjere stemma mildare, og han drysser mjøl på dei svarte labbane sine. Klarer han til slutt å setje tennene i det møre kjøtet deira...? 
Distriktsmusikar og gitarist Jacob og skodespelar og songar Idun elskar å lage musikk saman med born. I denne framsyninga brukar dei improviserte jazzrytmar og musikalske krumspring for å gjere forteljinga meir levande. Men Idun og Jacob er også heilt avhengige av hjelp frå publikum til å få til den rette grooven. Elevane skal difor få vere å lage lyden av det bankande hjartet til killingen som gøymer seg i klokkeskåpet, og ikkje minst uvêret som bryt laust når ulven brått står midt på stovegolvet.Førearbeid
Viktig melding frå Idun og Jacob i Geitejazz:
Geitejazz vil gjerne ha teikningar frå elevane! Teikn ein eventyrfigur, gjerne frå favoritteventyret ditt eller kanskje frå eit eventyr som du hugsar veldig godt? Det kan vere eit stort eller lite dyr, eit rart vesen, eit tøysete troll eller ei morsom jente eller gut eller person - du bestemmer sjølv!  Bruk masse fargar og fyll ut heile arket.  Vi skal bruke lommelykt til å lyse på teikningane, og då er det supert med mange fargar på arka:-)Vi vil bruke eventyra i byrjinga av forestillinga!  Heng opp teikningane i rommet der framsyninga skal vere (men ikkje på den veggen der vi skal stå - der kjem ein bakvegg).  Heng gjerne opp på begge sider av sceneområdet.  Dersom de må reise til ein annan skule for å vere med på framsyninga, ta teikningane med!Takk frå Geitejazz!

Hus i hodet

Visuell kunst, Trinn: 1-4
Dette er eit prosjekt som handlar om forventning, estetikk, sjølvforståing, realfag, arkitektur og engasjement. Alle barn har eit ønskje om å "byggje og bu", ein stad å leike og drøyme. Gjennom utstillinga får barna reflektere over kva eit hus er, kva det betyr og korleis vi tenkjer rundt det. Samtidig får elevane demonstrert enkle geometriske, konstruksjonsmessige prinsipp gjennom dialog, leik, samarbeid  -  og utan avansert teknologi.Utstillinga består av 24 plansjar på 50 x 50 cm som viser ulike bygg frå heile verda, frå det store til det vesle, frå det normale og kjende til det spektakulære, frå eventyrpalass til utedo. Plansjane er trykte på 4 store, mjuke terningar med eit bilde på kvar side. Prosjektet legg opp til dialog med barna etterkvart som bilda blir kasta fram med treningane.Elevane får også sjå eit element (5x5 meter) i armert PVC-duk. Dette kan blåsast opp, formast og endrast frå flat madrass til ein vegg eller eit tak med gavl. Barna blir oppfordra til å sjå kva som er muleg å byggje med desse elementa, og gjennom samarbeid vil dei kunne endre form og plassering. Med terningane og elementet er det muleg å lage mange ulike bygg. Viss det er ønskjeleg kan ein også dokumentere prosessen ved å ta bilde.

James Bond

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Framsyninga er sett saman av to uavhengige produksjonar.
«James Bond»Dette stykket er ein scenisk versjon av den ikoniske filmen GoldenEye. Det er laga som teikneserieteater, ei leiken og actionfylt uttrykksform full av humor, harselas og kjende referansar.
Skodespelarane brukar ikkje kostymer eller kulisser; alt frå motorsyklar til pinballmaskinar vert gjort levande gjennom aktørane sine eigne kroppar. Når dei så skal spele ut ein to timar lang film på berre 20 minutt, er det klart at dette blir ei framsyning i eit forrykande tempo.

«Rett under nesa på oss»Ekteparet Herman og Viktoria Kakk lever liva sine tilsynelatande utan bekymringar. Men når Herman ein dag heilt uventa seier han vil skiljast, vert verda til Viktoria snudd på hovudet. Brått kjem ho i sentrum av ei dramatisk politietterforsking.
Også i dette stykket blir scenebilda laga med skodespelarane sine eigne kroppar. I tillegg brukar dei enkle objekt til å utfordre publikum sin fantasi. “Rett under nesa på oss” er eit engasjerande drama som balanserer hårfint mellom latter og mørke løyndomar.​

Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Musikk, Trinn: 1-4
Til konserten "Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar" har Lena Skjerdal, Knut Lothe og Erik Halvorsen komponert ny musikk for born basert på nynorske dikt skrivne av Lisbeth Dreyer. Dikta vart utgjevne i 2014 på Skald forlag og er illustrert av Per Ragnar Møkleby. Dikta er alle på rim og fortel på underfundig vis om livet i fjorden og i fjæresteinane. Tekstane inviterar til musikalsk fabulering, rytmiske og groovebaserte låtar, alt frå slentrande blues til stram tango og lyriske svev – alle med improvisasjon og leik som gjennomgåande element, med kommunikasjon og medverknad frå publikum i høgsetet.Musikarane har henta inspirasjon frå både norsk folkemusikk, reggae, nord-indisk ragabasert musikk, balkaninspirert folkemusikk, tango, amerikansk soulfunk, vest-afrikansk call-response - alt med utgangspunkt i opne øyre og levande samspel. FørearbeidPå konserten vil elevane få høyre om mange av fantane i fjæra. Forutan Konrad Kråkebolle, Enevald Eremittkreps og Bella Blåskjell, vil dei bli meir kjende med ma. Karelius Krabbe, Sabine Strandsnigel, Rikarda Reke og Siv Sjøanemone. Det er flott om elevane på førehand kan teikne eller male sine versjonar av nokre av desse fjærefantane til pynt i konsertlokalet.  Kulturtanken, Høgskulen på Vestlandet og DKS Sogn og Fjordane og er samarbeidspartar i utviklinga av dette konsertprosjektet.

Les for livet!

Litteratur, Trinn: 5-7
I Les for livet! får elevane i 5. til 7. klasse vere med to framtidsmenneske på ei intens reise gjennom verdsrommet. Berre litteraturen kan få dei to tilbake til seg sjølve, tilbake til jorda. Heim.
To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse eit livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!
I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det seks utvalde barne- og ungdomsbøker. Ei intens forteljarstemme instruerer dei to i oppdraget: Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene inn i eit skjema på jakt etter eit endeleg løysingsord. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du Jorda!, er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan tretti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet.
Les for livet! er ei intenst spennande framsyning som formidlar framifrå nynorsk barne- og ungdomslitteratur. På reisa tilbake til opphavet dukkar vi inn i scener frå mellom anna Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, thrilleren Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland og Grunna av Terje Torkildsen. I møte med dei ulike scenene frå bøkene, møter menneska kjensler som frykt, forelsking og sorg, og slik kjem dei gradvis i kontakt med seg sjølve, med sine kjensler. Elevane får også erfare at dei to menneska stadig kjem nærare kvarandre, noko som til slutt resulterer i venskap. Venskap er løysingsordet i skjemaet, og gjennom framsyninga får vi erfare kor viktig venskap er. Som manusforfattar Lars Mæhle legg i munnen på «stemma» etter at dei to menneska har løyst oppdraget: «Venskap er grunnmuren i alle kjernekjenslene, dei som de no har lært gjennom å lese bøker. Først no skjønar de kven de er. No kan de atter finne plassen dykkar på jorda – utan å øydeleggje henne. For det viktigaste av alt, det er venskapet, det å vere glad i – og ta omsyn til – andre menneske. Og å lære seg verdien av samarbeid. For utan samarbeid går jorda under.»
Ved å gi smakebitar av alt det framifrå som blir skrive for barn- og ungdom på nynorsk og setje det inn i ein spanande kontekst, vil vi gi elevane lyst til å lese vidare på eiga hand. Les for livet! reiser viktige spørsmål knytt til identitet, behovet for samarbeid og venskap, og syner fram kor viktig litteratur kan vere for menneska og samfunnet dei lever i.

MELTING

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Veit du eigentleg kor mange gonger du kan fly til Thailand før jorda går under? Eller kor mykje CO2 det kostar å laga ei teaterframsyning?
MELTING er tre ting på ei gong; føredrag, konsert og teater. MELTING er politisk analyse, musikk framført på vinglas, og ein enorm roterande installasjon som fyller scenen og gir assosiasjonar til verdsrommet. Det handlar både om det store systemet og det vesle mennesket. 
– Kva skjer når isen smeltar? Når økonomien smeltar?
– Kva skjer når samfunnet, velferdsstaten, fellesskapet, offentleg kunstfinansiering og framtidsutsiktene våre smelter?MELTING er eit samarbeid mellom Amund Sjølie Sveen, installasjonskunstnar Lawrence Malstaf og musikarane i Slagr.

Mikkel & Reverockarane (H2019)

Musikk, Trinn: 3 år-5 år
Kva med eit besøk av nokre vaskeekte reverockarar i barnehagen? Mikkel og reverockarane er eit litt annleis rockeband. Dei er nokre skikkelege luringar. Veit de kva dei gjer? Dei knabbar tekstane frå kjende barnesongar og lagar reverock av dei. Makan! Alle veit jo at «Mikkel rev» for eksempel er skriven av ... av ... ja, iallfall ikkje av Mikkel og reverockarane! Nokon meiner til og med at dei juksar med applausen slik at det skal høyrast ut som at publikum klappar ekstra mykje. Det blir med andre ord mykje tull og tøys, sleipe triks og rare påfunn med desse karane på besøk. Men kanskje det kan bli ein bra konsert likevel?

Møtepunkt himmel og jord

Annet, Trinn: 1-10
"Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk " - Tenish (24) fødd og oppvaksen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka.Sentrale emner i "Møtepunkt himmel og jord" er religiøst mangfald og integreringsproblematikk. Innhaldet kan knytast til tema som historie (kulturarv), arkitektur, geografi, norsk (med utvida tekstomgrep) eller tverrfagleg arbeid, i tillegg til RLE-faget i grunnskule og vgs.Møtepunkt himmel og jord består av film, nettside og ei ressurskasse med religiøse gjenstandar.

Ringeren i Notre Dame

Scenekunst, Trinn: 5-7
- Spennande klassikar for born og unge !Ei natt blir eit lite deformert born funne på steintrappa til Notre Dame i Paris. Eit born ingen vil ha, eller vedkjenne seg. Tjue år seinare har bornet blitt ein ung mann, med eit veksande ynskje om å gå ut i verda utanfor katedralen og møte menneska der.Handlinga i Victor Hugos klassiske roman «Ringeren i Notre Dame» fra 1831 foregår i og omkring den veldige katedralen Notre Dame i Paris på 1400-tallet.  Historia om den pukkelryggede Quasimodo inneheld både komikk og tragedie, skrekk og romantikk. I botn ligg ei sterk forteljing om utanforskap som alle kan kjenne seg igjen i.Skodespelaren Anders Sanzén spelar på imponerande vis alle dei 25  forskjellige rollane, og har saman med musikar Bo Platzack hausta glitrande kritikkar for forestillinga.

Slåttar og stev, rim og regler

Musikk, Trinn: 1-7
Eit musikalsk møte med tre av våre fremste unge folkemusikararI dette programmet får elevane møte dei unge folkemusikarane Malin Alander, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen. Dei byr på ein variert og fengande meny med både gneistrande slåttespel, vakre folketonar, stev, rim og regler, som elevane også skal få lære seg nokre av. Kanskje blir det tid til litt dans også?

Smeltedigelen

Musikk, Trinn: 1-7
Smeltedigel med spennande musikalske ingrediensarBli med inn i Distriktsmusikarane i Gloppen sin musikalske smeltedigel, og opplev deira unike blanding av uttrykk og stilartar i ein variert musikalsk meny frå opera til pop. Vi får høyre klassisk musikk av Pachelbel, Bach og litt opera av Handel blanda saman med popmusikk av Pharell WIlliams (Happy), Silja Sol (Dyrene) og Alan Walker (Faded). Elevane skal også medverke på deler av konserten, og vi ber om at dei syng med på refrenga på Faded ("Where are you now"), og at dei kan synge med på Dyrene og refrenget på Happy (sjå link til videoar på YouTube). Tekstane finn de som pdf-filer annan stad på denne sida. Elevane treng altså ikkje synge heile teksten, berre refrenga som står med utheva skrift. Særskilt for denne konsertenPublikumsoppsettet til denne konserten er ein trekant på ca. 7 x 7 x 7 meter, der musikarane står på den eine sida, og elevane sit mot kvarandre på dei andre to sidene. Det vert soleis eit sceneareal i midten der elevane sit på kvar side (sjå pdf med illustrasjon). 

Tidskapselen, Kvernsteinsparken.

Kulturarv, Trinn: 9
Også dette skuleåret vil elevane på 9. steg i fylket få kulturarvtilbodet «Tidskapselen». I samarbeid har Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet, der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt.Som forarbeid til besøket i Kvernsteinsparken skal alle klassane lage ein tidskapsel: Elevane må bestemme nokon gjenstandar som skal (i overført betyding) pakkast ned i ein tidskapsel som skal opnast igjen om 1000 år. Når klassen kjem til Kvernsteinsparken skal dei først presentere sin tidskapsel. Vi finn ut at museum også er tidskapslar: Dei plukkar ut ting som skal oppbevarast for framtidige generasjonar. Så skal elevane gå på detektivjakt i Kvernsteinsparken: Kva slags tidskapsel er parken? Kva  spor frå fortida er her? Gruppevis skal dei lage ein teatersnutt om kva som kanskje kan ha hendt på akkurat denne staden for 1000 år sidan.For å forstå fortida betre kan det hjelpe med å lage ting på akkurat same måten folk gjorde det før. Derfor skal elevane prøve seg på handverk og ferdigheiter som var vanleg for 1000 år sidan: Smi, hogge stein, male korn, lage bål, skyte med pil og boge. Her får elevane hjelp frå 7. klasse frå Hyllestad skule. Dei har lært seg dei ulike handverk og er instruktørar for 9. klasse.
Viktig informasjon:
«Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Detaljert informasjon om dato for besøk etc. finn de i turnéplanen.Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til DKS. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette (NB. Ikkje reiserekningskjema). Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Musea tek kontakt med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.Fakturaadresse for transport
Sogn og Fjordane fylkeskommune, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».​​​​​​​

Tidskapselen, Nordfjord folkemuseum.

Kulturarv, Trinn: 9
I samarbeid har Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet "Tidskapselen", der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.
«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får gjennom praktisk arbeid og erfaring betre kjennskap til ressursutnytting og sjølvberging i tidlegare tider. Dei får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt. "Tidskapselen" er eit årleg tilbod og vert arrangert for tredje gong i år.Museumsdagane ved dei fleste musea vert arrangert i september/oktober. «Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Informasjon om dato for besøk finn de i turnéplanen.

Sjå eige dokument med informasjon frå museet under "lærarrettleiing" lenger nede på sida.

Viktig praktisk informasjon:
  • Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

  • Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til oss. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

  • Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Museet tek direkte kontakt  med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.
Fakturaadresse for transport: Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ Guro Høyvik, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».

Tidskapselen, Sogn folkemuseum.

Kulturarv, Trinn: 9
I samarbeid har Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet "Tidskapselen", der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.
«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt. "Tidskapselen" er eit årleg tilbod og vert arrangert for tredje gong i år.Museumsdagane ved dei fleste musea vert arrangert i september/oktober. «Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Informasjon om dato for besøk finn de i turnéplanen.

Viktig praktisk informasjon:
  • Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

  • Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til DKS. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

  • Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Musea tek kontakt med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.
Fakturaadresse for transport
Sogn og Fjordane fylkeskommune, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».​​​​​​​

Tidskapselen, Sogn kunstsenter.

Kulturarv, Trinn: 9
I samarbeid har Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet "Tidskapselen", der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt. "Tidskapselen" er eit årleg tilbod og vert arrangert for tredje gong i år.Museumsdagane ved dei fleste musea vert arrangert i september/oktober. «Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Informasjon om dato for besøk finn de i turnéplanen.

Viktig praktisk informasjon:
  • Elevane må ha med seg matpakke og noko å drikke.

  • Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til DKS. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

  • Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Museet tek direkte kontakt  med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.
Fakturaadresse for transport
Sogn og Fjordane fylkeskommune, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».

Tidskapselen, Sunnfjord museum.

Kulturarv, Trinn: 9
I samarbeid har Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet "Tidskapselen", der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.
«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt. "Tidskapselen" er eit årleg tilbod og vert arrangert for tredje gong i år.Museumsdagane ved dei fleste musea vert arrangert i september/oktober. «Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Informasjon om dato for besøk finn de i turnéplanen.

Viktig praktisk informasjon:
  • Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

  • Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til DKS. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

  • Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Museet tek direkte kontakt  med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.
Fakturaadresse for transport
Sogn og Fjordane fylkeskommune, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».​​​​​​​

Tungeskjærerne

Film, Trinn: 1-7
Vi er i Nord-Noreg, i landets største fiskerikommune, Øksnes i Vesterålen. Saman med fiskarar som sløyer torsk så blodet sprutar, står Tobias (10) bøygd over eit kar med avskorne torskehovud. Han svingar kniven skremmande kjapt, medan han skjær torsketunger som han trer ned på ein lang, skarp spikar. Vi møter også jenta Ylva frå Oslo, ho skal prøve å skjære tunger for første gong.På kaia har Tobias og hundretals andre barn tent eigne pengar frå 5-årsalderen. Dei arbeider som torsketungeskjærarar, og mange kan tene opp mot 50 000 kroner i løpet av vinteren. Denne jobben har alltid vore for barna, ein tradisjon som har vart like lenge som fiskeria i Nord-Noreg.

Verken fugl eller fisk - i eit hav av plast

Visuell kunst, Trinn: 5-7
Verken Fugl eller Fisk - i eit hav av plast
Saman med elevane undersøkjer miljøkunstnarane Kari Prestgaard og Astor Andersen korleis plastsøppel påvirkar livet i havet. Kva skjer med fuglane og fiskane langs kysten vår? Kan det å lage kunst av strandplast være med på å løyse dette veksande miljøproblemet? I samtale med elevane forsøker også kunstnarane å finne ut kva som gjer at noko kan kallast søppel.
I ein to timars workshop arbeider elevane med plastbitar kunstnarane har samla på strender over heile verda. Alle materialer er vaska, rensa og sortert. Elevane sine arbeid vert fotografert og digitale filer vert sendt til skulane etter kvart som dei er klare . Dermed kan klassen sine bilder enkelt printast ut på ein fargeskrivar. Skulene vert oppfordra til å publisere og dele elevane sine arbeid på sosiale medier.
Eit utvalg av bilda som vert laga på turnéen i fjor vart vist som utstilling på Stortinget i samband med Nordisk råds 70. sesjon i månadsskiftet oktober/november 2018. Prestgaard/Andersen donerte også to store kunstprint frå turneen i fjor haust til den direktesendte auksjonen under TV-aksjonen 2018.- Søppel finst ikkje, berre ressursar på avveg.Lenkjer til filmar, lærerveiledning og omtale av workshop ligg under bilete,videoar, lydklipp, vedlegg

Vesleblakken

Scenekunst, Trinn: 1-4
Framsyninga Vesleblakken er ei dramatisering av novella med same namn av Rendalsforfatteren Jacob Breda Bull. Novella vart gjeven ut  i samlinga Prestegårdshistorier (1914), og på sett og vis gjort udødelig då Nordahl Rolfsen tok den med i boka «Lesebok for folkeskolen.»Novella vert framstilt som eit autentisk barndomsminne frå forfatteren sin oppvekst: ein bror er dødssjuk, og legehjelp må hentast frå Tynset. Hesten Vesleblakken er både den raskeste hesten på garden og borna sin kjæraste ven, og det fell på drengen Ola Jonsen Styggpåjord å drive hesten til døde for å hente legen tidsnok.
Åpne filter