sff

Sjekkliste for kulturkontakten

Øyvind Høstaker @ Sogn og Fjordane // 22.12.14

Kulturkontakten er eit viktig bindeledd mellom skulane, DKS og utøvarane. Her finn du viktig informasjon for kulturkontakten. 

Informasjon

Foto: David Zadig

 

  • Kulturkontakten skal halde DKS Sogn og Fjordane  oppdatert på timeplanar og elevtal.
  • Være godt orientert om tilbodet som kjem frå DKS Sogn og Fjordane. Prioritere høgt å delta på DKS sin konferanse på hausten
  • Sjekke e-post dagleg.
  • Gjere informasjonen om framsyningane lett tilgjengelig t.d. på oppslagstavler/ lærarrom
  • Vidareformidle og sikre informasjon til kontaktlærarar om dei ulike tilboda
  • Følgje opp elevar eller andre som får delegert ansvar ved besøk på skulen
  • Syte for at lærarane gjev alle elevar informasjon om tilboda slik at dei er godt førebudde. NB! Bruk DKS-plakaten!
  • Bestille buss dersom skulen skal reise til ein annan skule eller lokale for å sjå framsyning eller konsert. DKS refunderer alle kostnader til transport når det er DKS som har lagt opp til reise i turneplanen.
    • Ruteselskapet  fakturerer direkte til DKS og må merkje fakturaen med namnet til skulen og kva DKS- tilbod refusjonskravet gjeld + dato.
    • Fakturaadressa vår  er: Sogn og Fjordane fylkeskommune, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 Leikanger. 

 

Kontakt med utøvarane på arrangementsdagen

Kulturkontakten er skulen sin kontaktperson for utøvarane.
Utøvarane tek kontakt på førehand for å avklare praktiske forhold knytt til framsyninga.

• Vere hyggelig vertskap, ta imot utøvarane og syte for bærehjelp etter behov.
• Vise utøvarane spelestaden, garderobe og lærarrom
• Ynskje utøvarane velkomne og eventuelt introdusere framsyninga
• Takke utøvarane

Sjekkliste for konsert, danse- og teaterframsyningar
• Er konsertlokalet ledig?
• Trengs det bærehjelp?
• Kor lang riggetid har utøvarane, og kor tid kjem dei til skulen?
• Skal det være blending?
• Er temperaturen i lokalet ok?
• Er det nok straum tilgjengelig?
• Korleis  skal elevane plasserast?

Etter framsyninga
• Bidra til at skulen/einskildlærarar sender inn evaluering på KSYS etter besøk/framsyning.

Til slutt
Avklar med utøvarane læraren si rolle under framsyninga; er de publikum på linje med elevene? Kven grip inn i dei tilfella det utviklar seg uheldige situasjonar ved td. bråk?
 

Vis interesse; sjå framsyninga i lag med elevene og kollegaer!

Last ned plakat for DKS-framsyning: 

Foto: David Zadig

Begge foto: David Zadig