sff

Strategiplan for DKS i Sogn og Fjordane, 2010-2014

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok den 8. juni strategiplanen som skal gjelde for ordninga Den kulturelle skulesekken dei neste fire åra.

Arbeidet med planen starta våren 2009. I tillegg til høyringar før det først utkastet vart forma (då kalla utviklingsplan), og i etterkant av utkast, har planen vore handsama i hovudutval for kultur og hovudutval for utdanning. Innspel frå drøftingar i utvala, og innspel frå kommunane o.a., er teke med i den endelege versjonen. 

Intensjonen med plandokumentet er at prioriteringar og tiltak som er lagt her, også vil vise igjen i kommunane, skulane og hos aktørar i Den kulturelle skulesekken framover.

Det er teke omsyn til at Den kulturelle skulesekken i perioden skal utviklast vidare innanforgrunnskule og vidaregåande skule. Dette er i samsvar med dei nasjonale føringane for ordninga.

Strategiplanen framhevar følgjande fire sentrale område:

  • Turneordning
  • Fagmiljø og kompetanse
  • Utviklingsarbeid i vidaregåande opplæring
  • Utviklingsarbeid i kommunane

 

Strategiplanen er tenkt å vere eit verktøy for fylkeskommunen. Prioriteringar av tiltak og bruk av økonomiske midlar og arbeidsressursar skal ha si forankring i strategiplanen. Desse skal konkretiserast i eigne handlingsprogram.  

 

 

I berget det blå

I berget det blå

Musikalsk forteljarteater. Dette er eit samarbeid mellom Gloppen musikkfest og fylkeskommunen. Stykket hadde premiere under Førdefestivalen 2010 og skal turnere i DKS våren 2011.

Dansarar i Candoco Dance Company

Dansarar i Candoco Dance Company

Det engelske kompaniet Candoco Dance Company skal turnere for elevar i vg2 våren 2011. Tilbodet er den største satsinga i DKS i Sogn og Fjordane si historie.

Candoco