sff

«Den norske islamisten» på skuleturné.

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 26.10.17

Vi skal vise dokumentaren «Den norske islamisten» for førsteklassingane på dei vidaregåande skulane i fylket. Turneen startar førstkommande måndag.

«Den norske islamisten» er filmen om Ubaydullah Hussain og Profetens Ummah. Filmen er regissert av Adil Khan Farooq og Ulrik Imtiaz Rolfsen, og fekk mykje merksemd då Politiets sikkerheitsteneste (PST) beslagla råmaterialet til filmen i 2015.

Ekstremt miljø
Filmen er tidlegare sendt på NRK Brennpunkt. Koordinator for DKS i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker, håpar filmen kan gje elevane innblikk i eit miljø og tankesett som kanskje ligg fjernt frå mange, men som er veldig aktuelt i Noreg og verda i dag.

–  Når vi set opp programmet for skulesekken er eitt av måla å skape rom for refleksjon og læring. Her får ungdomane innsikt i eit ekstremt miljø, og dei får innsikt i farane som PST definerer som den største trusselen mot Noreg i dag. Omgrepa ekstremisme og radikalisering er mykje omtalt i nyhenda, men kva er det eigentleg, seier han.

Hatretorikk og frustrasjon
Filmen prøver å gi svar på mange vanskelege spørsmål. Kvifor har Ubaydullah Hussain valt å tale IS si sak i Noreg? Korleis treffer bodskapen hans norske ungdomar? Korleis har livet i Noreg – mellom to kulturar og to religionar – påverka Hussain til å bli den han er i dag? Korleis greier han å overtale andre til å dra til Syria? Korleis påverkar den massive motstanden han?

Hussain avslører korleis hatet mot vesten oppstår, han gir eit bilete av eit tankesett som lokkar mange vestlege ungdomar til IS. Filmen viser også logikken som ligg bak når frustrerte norske ungdomar let seg fascinere av retorikken hans.

Samtale med regissør
Regissør Adil Khan Farooq og formidlar Anders Fitje deltek på Sogn og Fjordane-turneen og skal ha samtalar med elevane etter filmvisningane.

– Det er veldig kjekt og nyttig å ha med dei som står bak filmen på turneen. Då kan ungdomane få stille – og få svar på – spørsmåla dei sit att med etter filmen. Det er kanskje særleg viktig med ein slik film, som stiller store spørsmål som kva det vil seie å vere innafor eller utanfor, kva er kollektiv og individuell kultur, og kva er skilnaden på islam og islamisme, seier Øyvind Høstaker.

Besøkjer skular og bibliotek
Den første framsyninga på DKS- turneen vert for førsteklassingane ved Hafstad vidaregåande skule 30. oktober i Førdehuset.

Khan Farooq og Fitje skal besøkje alle dei vidaregåande skulane i fylket. Khan Farooq skal også besøkje fire bibliotek på kveldstid: Gloppen, Stryn, Førde og Sogndal,. Desse arrangementa vert opne for alle.

Les meir
Les meir om dokumentaren «Den norske islamisten»
skulesekken.no
Den kulturelle skulesekken på Facebook
Turnéplan for «Den norske islamisten»


For meir informasjon
Trygve Apalset
trygve.apalset@sfj.no
415 30 883

 

 

Foto frå "Den norske islamisten"

Foto frå "Den norske islamisten"

Foto: Volt Film/Curry Film.