sff

"Invasjon" er ute på vegen.

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 17.10.17

Denne veka startar Sogn og Fjordane teater på sin DKS- turné med "Invasjon" til ungdomsskulane i Nordfjord.

Kven og kva er Albukasem?  Kva tyder dette mystiske ordet ? For nokre vener på ungdomskulen blir det til ein magisk formel som kan møte kva utfordring som helst. Eit adjektiv som skildrar det utenkjelege. Ein identitet som kan skjule kva som helst. Snart tar det av. Albukasem er over alt. Han vert sjølve symbolet på det uangripelege, ukjente. Han kan klandrast for kva som helst. Hvis han berre kunne fangast og blitt stilt til ansvar for det. Mytene spinn og kjerna av sanning vert meir og meir utviska.

Regissør Frode Gjerløw har teke fatt på Khemiri sin karusell av ein teatertekst med hovudet og hjartet som kompass. Saman med skodespelarane har han leita etter individa som hamnar mellom barken og veden i eit svart-kvitt samfunn. Gjerløw og skodespelarane har også arbeidd saman med elevar ved Vassenden skule og Skei skule for å finne fram til dei orda som unge i Sogn og Fjordane brukar. I teaterstykket spør han ; kor langt skal vi gå i den vestlege verda før vi ser bjelken i vårt eige auga? Det er tid for Invasjon!

Meir informasjon
Trygve Apalset
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Storehagen 1B, 6800 Førde
Trygve.Apalset@sfj.no
mob: +47 41530883
 

 

Invasjon

Invasjon

Sogn og Fjordane teater (SoFt)