sff

Fagdagar for vidaregåande skule

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 19.09.17

Tysdag, onsdag og torsdag denne veka arrangerer Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ nærings- og kulturavdelinga og opplæringsavdelinga fagdagar knytte til tilbodet i Den kulturelle skulesekken 2017 -2018.

Dei ulike tilboda i skulesekken dette skuleåret vert presenterte og knytte til tverrfageleg og fleirfaglege tema. Det første tilbodet for skuleåret, «Fugletribunalet» har allereie vore vist for skulane, resten vert presentert på fagdagen:

 

Fagdag
Som førebuing til desse tilboda vert fagdagen arrangert på tre stader i fylket. Skulane vel den datoen og staden som høver, og det er ynskjeleg at skulen tek med to elevar til fagdagen. Opplæringsavdelinga held dette fram som viktig elevmedverknad for DKS - tilbodet på skulane.
Dagen vert leia av lærar ved Firda vgs Anders Fitje.

Tid og stad

  • 19.september på Mo og Øyrane vgs, Førde
  • 20 .september på Eid vgs, Nordfjordeid
  • 21.september på Sogndal vgs , Sogndal
     

Program
0900 Velkomen, orienteringar ved Øyvind Høstaker, Anders A Fitje
0910 Språklege forvandlingar (vg3) ved Jon Rognlien + undervisningsopplegg
1025 Den norske islamisten (vg1) ved Adil Khan Farooq + undervisningsopplegg
1140 Lunsj
1220 Sunniva no (vg2) ved Gro Marie Svidal + undervisningsoppleggSide 2 av 5
1350 Orientering om KSYS ved Øyvind Høstaker
1405 Tracks (vg1) + undervisningsopplegg
1500 Slutt

 

 

Tracks_illustrasjonsfoto 2

Tracks_illustrasjonsfoto 2

Fjørtoft/Antero Hein