sff

Siste dag for "Tankelaboratoriet" i denne omgang.

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 27.04.16

I dag var siste dag på turné for "Tankelaboratoriet" i Sogn og Fjordane i denne omgang, og turen var kommen for besøk til Aurland barne- og ungdomsskule.

To av elevane i 1. klasse ønskte velkommen til framsyninga, der 1. til 4. klasse fekk høyre om og sjå Reddharen, Sinnataggen, Firkanten og Hermegåsa. Etter framsyninga fekk skodespelarane kvar si flotte gåve, overrekt av to elevar i første klasse. Jammen fekk vi i DKS også ei kjempeflott gåve, som vi vart veldig glade for! Av skodespelarane fekk elevane teikningar av alle figurane frå stykket, og også ei flott teikning av dei sjølve som publikum.

Totalt har over 1800 elevar i 1. til 4. klasse i Sogn og i Førde har fått besøk av Cirka Teater denne gongen.

Du kan lese meir om Tankelaboratoriet her: http://www.skulesekken.no/produksjon_16463

 

Tankelaboratoriet, illustrasjonsfoto.

Tankelaboratoriet, illustrasjonsfoto.

Tankelaboratoriet illustrasjonsfoto 02

Cirka Teater

Gåve frå Aurland barne- og ungdomsskule.

Gåve frå Aurland barne- og ungdomsskule.

Flott gåve frå Aurland barne- og ungdomsskule.

Guro Høyvik/ Sogn og Fjordane fylkeskommune