sff

Turnéstart for DRUMDRUM! og MHOO.

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 30.03.16

I dag startar turnéane med DRUMDRUM! og MHOO, dei skal besøke skulane i Nordfjord og Jølster.

Trommeslagar Benita, vibrafonist Kaare og bassist Jens i DRUMDRUM! spelar jazz for elevane i 1. til 7. Nordfjord og Jølster. På konserten får elevane høyre tonar inspirert av mellom anna Duke Ellington, i tillegg til brasiliansk og afrikansk musikk, danske folkesongar og ikkje minst nokre av Benita sine eigne melodiøse komposisjonar.

Miriam, Oda og Per i MHOO spelar musikk som høyrest ut som om han er skriven på reiser til Nashville i USA, til Mexico, Cuba, Spania og Brasil. Den høyrest ut som cowboyar i støvete solnedgangar, tog som køyrer gjennom flate kaktuslandskap, mexicanske trompetar, flamencokledde damer med svart hår og djupraude roser bak øyret. Medan gitarfingerspelet leikar lett og forventningsfullt av stad, høyrer vi også spor av lengt og triste farvel i den tostemte songen med dei lange linjene. MHOO skal spele konsertar for alle elevar i 8. til 10. klasse i Nordfjord og Jølster.
 

 

DRUMDRUM! illustrasjonsfoto

DRUMDRUM! illustrasjonsfoto

Ilustrasjonsfoto av DRUMDRUM!

Rikskonsertene

MHOO, illustrasjonsfoto.

MHOO, illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto av MHOO.

Rikskonsertene