sff

"TAKK!" er ute på barnehageturné.

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 10.02.16

Denne veka starta Ann Kristin Andersson og Inga Rennemo Johansen sin barnehageturné i Sogn og Fjordane med "TAKK!".

Songane dei to framfører handlar om takksemd, om venskap og ikkje minst om naturen kring oss. Tekstane er skrivne av Ann Kristin, mens melodiane har Inga og Ann Kristin skrive i lag.
Dei gledar seg til å møte alle barnehageborna, og håpar at alle i barnehagen vert med og syng! I dag er det Haugane barnehage og Uravegen barnehage i Årdal kommune som får besøk.

Dei to er på vegen med "TAKK!" ut denne veka, og kjem att ei veke i april for å fullføre turnéen.

Du kan lese meir og finne heile turnéplanen her.

 

TAKK! Illustrasjonsfoto av Ann Kristin og Inga.

TAKK! Illustrasjonsfoto av Ann Kristin og Inga.

TAKK! Illustrasjonsfoto av Ann Kristin og Inga.

Rikskonsertene