sff

Metropolis

Øyvind Høstaker @ Sogn og Fjordane // 04.01.16

Arbeidsoppgåver og PP til "Metropolis"

METROPOLIS (1927) – Arbeidsoppgåver

FØR FRAMSYNINGA

1. I filmhistoria høyrer Metropolis til i den peioden som vert kalla tysk ekspresjonisme. Lag eit oversyn over kjennemerka på ekspresjonisme som kunstretning. (Kan organiserast som ei gruppearbeid der elevane nyttar kjelder på biblioteket og/eller på nettet – eller som lærarføredrag.) Sjå også PP på nettsida til Den kulturelle skulesekken.

2. I filmen vert det nytta ei rekke allusjonar / referansar til ma Bibelen. Finn ut kva som er innhaldet i følgjande referansar/allusjonar:

- Babelstårnet
- Molok
- Josephat
- Katakomber
- Dei sju dødssyndene
- Maria

- «maskin-storming»

(sjå også vedlagt Power Point)

3. Metropolis er ein av dei viktigaste filmane i filmhistoria – og har hatt sterk innverknad på seinare film- og kulturhistorie. Søk på internett og lag eit oversyn over filmar / kulturuttrykk som har vorte påverka av denne filmen.



ARBEIDSOPPGÅVER ETTER FRAMSYNINGA

1. I Metropolis kan vi finne fleire tema og motiv (delspørsmål: kva er skilnaden?). Lag eit samla oversyn i klassa. Kva andre filmar kjenner de til som har eitt eller fleire av desse motiva/temaa?
2. Bodskapen i filmen er uttrykt i biletleg form: «Megleren mellom hjerne og hender må være hjerte». Korleis vil du formulere dette konkret, utan å bruke metaforar?
3. Korleis vil du vurdere filmens bodskap (sjå spørsmål 2) ut frå filmens samtid (1920-åra)? Korleis vurderer verdien av denne bodskapen i vår eiga samtid?
4. Eitt viktig verkemiddel i filmen er kontrast. Set opp så mange kontrastar/motsetnadspar du kan finne. Kva funksjon har dei?
5. Metropolis kan kallast ein dystopi (= framtidig skrekksamfunn). Kva kjenneteiknar det framtidssamfunnet som filmen skildrar? Kva sider ved denne skildringa kan kjennast att i vår samtid/vårt samfunn?
6. Filmen har ei rekke allusjonar og referansar. Kva funksjon har desse?
7. Korleis opplevde du musikken som blei framført til filmen? Lag stikkord og diskuter i samla klasse.
8. Skriv ein personleg tekst der du formidlar opplevingane dine under og etter framsyninga – og reflekterer over dei tema som filmen tek opp.
9. Ta utgangspunkt i filmen og skriv ein kreativ tekst med overskrifta: «Metropolis i vår tid?»

 

 

 

Power point . Metropolis

Arbeidsoppgåver Metropolis.docx

Metropolis-handlinga.docx

Metropolis-intertekstualitet.docx

 

Metropolis

Metropolis