sff

Skuleturné med prisvinnande dronefilm

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 21.10.15

I neste veke startar turneen med dokumentarfilmen DRONE. Den prisvinnande filmen tek oss med til innsida av den hemmelege dronekrigen CIA har ført, og fører, blant anna i Pakistan. Vi møter menneske som lever under dronane, og dronepilotar som slit med vanskelege kjensler rundt det å drepe menneske med ein joystick frå USA.

Filmen skal visast for alle som går førsteåret ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Med på turneen blir både regissør Tonje Hessen Schei og tidlegare dronepilot Brandon Bryant.

Du kan lese meir på Sogn og Fjordane fylkeskommune sine nettsider.

 

Pressebilde, dokumentarfilmen Drone

Pressebilde, dokumentarfilmen Drone

Pressebilete for "Drone".

Flimmer Film AS