sff

Prisvinnarar til skulen

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 19.08.15

Koordinator Øyvind Høstaker er stolt over programmet for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane komande skuleår. Han lokkar med sirkus, eksotisk musikk, teater og hemmelege heltar – og ikkje minst; prisvinnande film og teater.

– Vi er svært glade for å kunne tilby eit godt og variert program i skulesekken kommande skuleår. Både dans, visuell kunst, teater, musikk og litteratur har fått plass. I tillegg har vi i år fleire tilbod innanfor film, seier Høstaker.


Prisvinnande film startar opp tilbod til VG1


Dokumentarfilmen «Drone» tek oss med til innsida av CIAs hemmelege dronekrig. Han gjev oss fortrulege historier frå krigen mot terror, fortalt av menneske som lever under dronane i Pakistan og av dronepilotar som slit med å drepe med ein joystick i USA. Sjåaren møter også menneske som kjempar for eit opnare samfunn og for større rettferd.
I helga vann filmen Amanda- pris for beste dokumentarfilm, og Høstaker er svært nøgd med at Sogn og Fjordane er eitt av dei første fylka som skal ha filmen ut på turné. Filmen er selt til Skandinavia, Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Finland, Italia, Spania, Balkan og Korea, og har også fått kinodistribusjon i USA.

Filmen skal i haust visast for alle elevane i første klasse ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Dette er det fyrste skuleåret VG1 får tilbod gjennom Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane og Høstaker er stolt av å kunne presentere ein Amanda- vinnar som første tilbod til elevane:
– Ein av dei som fortel historia si i filmen, Brandon Bryant,  skal vere med rundt når filmen vert synt for skulane i haust. Det ligg difor til rette for tette møte med ei aktuell problemstilling og ei sterk filmoppleving.

Scenekunst, arkitektur og musikk

Programmet for DKS kommande skuleår er variert og held høg kvalitet. Mellom anna får smårollingane i Nordfjord sjå teater av den italienske teatergruppa Teatrodistinto, og lære om språk av tunkatten Lurivar. I Sogn får dei minste sjå "Tankelaboratoriet", ei fysisk og fargerik teaterframsyning som har vunne fleire prisar. I Sunnfjord og Sogn får dei ei ellevill og morosam teikneframsyning med Svein og Egil Nyhus i «To menn og ei tavle». I Sunnfjord får dei høyre samisk musikk i tradisjonsrik og moderne form med konserten «Alo – alltid».

Elevane i mellomtrinnet skal mellom anna dra «Dit pepperen gror» med filmskapar Eli Grønsdal og vere arkitektar med Nasjonalmuseet sin verkstad «Byplansjefane». På ungdomsskulen får elevane  lære meir om ein av Noregs skjulte heltar frå 2. verdskrig med forfattar Svein Sæter og sjå Sogn og Fjordane teater si framsyning «Så vakker du er» med mellom anna Thea Hjelmeland.

På dei vidaregåande skulane vert det klassisk film i ein ny setting med «Metropolis», og prisvinnande film med «DRONE», i tillegg til forfattarbesøk.

Øyvind Høstaker har berre ei melding til alle elevane i Sogn og Fjordane:
– Gled dykk til å opne den kulturelle skulesekken i haust!  Vi trur tilbodet vil vere med å gjere skuleåret rikare på både innhald og oppleving.

Lenkjer


Katalog med program for skuleåret 2015/2016
Den kulturelle skulesekken på Facebook

For meir informasjon


Øyvind Høstaker
Koordinator, Den kulturelle skulesekken
oyvind.hostaker@sfj.no
952 22 168

 

DKS koordinator Øyvind Høstaker

DKS koordinator Øyvind Høstaker

Guro Høyvik, Sogn og Fjordane fylkeskommune