sff

"Frå Bygd til Beat - HipHop som identitetsbyggjar"

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 27.04.15

"Frå Bygd til Beat - HipHop som identitetsbyggjar" skal ut til ungdomsskular i Sunnfjord og ytre Sogn, og musikarane starta på ungdomsskulane i Eikefjord og i Naustdal i dag.

I morgon er det vidare til Flora ungsdomsskule, der det vert to konsertar.

Konserten knyter saman hiphop og artisten Son of Light (André Hadland) si personlege historie. Då han som ung gut ville høyre på hiphop i ein by der alt dreia seg om rock kjende han korleis bygdedyret berre venta på å sable han ned. Korleis ein kvit gut frå Mandal fann ein felles identitet med ein hovudsakleg svart kultur er det ikkje så lett å forstå, men kanskje konserten vil gje eit svar? Les meir om konserten og om turneen her.

 

"Frå Bygd til Beat - HipHop som identitetsbyggjar"

"Frå Bygd til Beat - HipHop som identitetsbyggjar"