sff

Vi inviterer til grendakonsert: Blues på Bryggja!

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 24.04.15

Saman med Bryggja skule og Rikskonsertane inviterer vi til grendakonsert i Bryggja Grendahus tysdag 28. april. Konserten er open for alle og heilt gratis.

Eirik Bergene (munnspel/bass/trommer), Alexander Pettersen (trommer/vokal) og Erik Harstad (gitar/vokal) spelar "the blues" og tek publikum med inn i bluesmusikken si verd. Elevar ved Bryggja skule skal også vere med på konserten.

Dei tre bluesmusikarane er for tida på turné med skulekonserten "Blues for borna", og det er denne konserten som vert grendakonsert på Bryggja. Les meir om produksjonen her.

Grendakonsertane er eit pilotprosjekt frå Rikskonsertane i samarbeid med fylkeskommunen, der ein mellom anna ynskjer å nå ut til fleire publikumarar, når ein turné likevel er i eit distrikt. For elevane er konserten ein obligatorisk skulekonsert, og i tillegg får dei ein workshop med musikarane i skuletida. Dersom resultata etter evalueringa av prosjektet er gode vil ein vurdere om grendakonsertar er noko ein skal satse på i andre delar av landet seinare.

DKS ynskjer alle hjarteleg velkommen til grendakonsert og ei skikkeleg bluesoppleving på Bryggja!

 

Blues for borna _ illustrasjon

Blues for borna _ illustrasjon

Blues for borna, illustrasjon

Illustrasjon: Espen Liland