sff

Stiller viktige spørsmål om maten vår

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 24.03.15

Teaterframsyninga "MAT" stiller spørsmål om kvifor vi dyrkar stadig mindre av maten vår sjølv, og importerer stadig meir, om kvifor det vert stadig færre gardsbruk i distrikta, om mattryggleik, og om kor bærekraftig vi driv jorda vår.

I dag vart "MAT" synt ved Operahuset Nordfjord for elevar ved Eid vidaregåande skule , og seinare i veka skal elevar ved Måløy vidaregåande skule, Stryn vidaregåande skule og Firda vgs - meir enn ein skule sjå framsyninga.

Produksjonen har ei eiga Facebookside der du kan lese meir om tematikken som vert teken opp i stykket. Du kan også følgje dei på Intstagram, @matforframtida, og bruke ‪#‎matforframtida‬ om du vil dele bilder eller seie di meining om temaet mat.

Etter at "MAT" vart synt for elevar ved Årdal vidaregåande skule fekk dei med seg ei flott helsing vidare på turneen frå skulen og kulturvertane der. Biletet er henta frå produksjonen sin Instagramkonto.

Helsing frå Årdal VGS til MAT.

Helsing frå Årdal VGS til MAT.

Foto: @matforframtida på Instagram.