sff

Får sjå "Vaffelhjarte" likevel.

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 10.03.15

I dag vert "Vaffelhjarte" spelt for elevar ved skular i Førde og Viksdalen, men også for elevar som tek turen heilt frå Kalvåg!

Elevane ved Kalvåg oppvekst var verkeleg uheldige og fekk ikkje sjå framsyninga som planlagt i Bremangerhallen 3. februar, då ein trailer køyrde utfor og stengde vegen mellom Kalvåg og Hauge. Heldigvis ordna det seg likevel, og vi i Den kulturelle skulesekken har saman med Sogn og Fjordane teater ordna det slik at elevane kjem med buss til Førde i morgon for å sjå stykket her. Vi er kjempeglade for at elevane får sjå stykket likevel, og håpar at heile skulen gleder seg både til teaterframsyninga og til turen.

Når turneen er ferdig 16. mars har «Vaffelhjarte» blitt spelt for rett i underkant av 10 000 elevar her i fylket, alle elevane i 1. – 7. klasse i Sogn og Fjordane. Dette er ei storsatsing og den mest omfattande turneen nokon gong i DKS i Sogn og Fjordane.

For meir informasjon
Øyvind Sunde Høstaker
koordinator for Den kulturelle skulesekken, Sogn og Fjordane
Kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf: 952 22 168
e-post: oyvind.sunde.hostaker@sfj.no
 

 

Elevar frå Kalvåg på bussen

Elevar frå Kalvåg på bussen

Elevar frå Kalvåg oppvekst påveg til Førde for å sjå "Vaffelhjarte", 10. mars 2015.

Tore Erik Liset, Kalvåg oppvekst