sff

Leselyst og fysisk aktivitet for alle?

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 12.02.15

Då er dagen her! Vi er med på å arrangere det vi trur blir ein spanande kveld i Førde IL sitt klubbhus på Hafstadparken i Førde. Målsetjinga med arrangementet er å formidle litteratur til barn og vaksne på ein ny måte og på ein ny stad, i fotballgarderoben:)

Journalisten Ragnhild Lund Ansnes var tidlegare ikkje interessert i fotball i det heile.  Kva er det som gjer at ho i dag har oppdrag for ein av dei største klubbane i verda, Liverpool FC? Arild Stavrum var tidlegare profesjonell fotballspelar. Kva er det som i dag får han til å skrive spennande bøker for barn? 12. februar, i Hafstadparken i Førde, fortel dei to forfattarane om kva fotball har betydd for dei, frå eit spelar- og frå eit supporterperspektiv. Dei viser oss også at bøker har sin plass i fotballgarderoben.

Betre av bok i garderoben?
Torsdag inviterer Sogn og Fjordane fylkeskommune til det vi trur blir ein spanande kveld i Førde IL sitt klubbhus på Hafstadparken i Førde. Målsetjinga med arrangementet er å formidle litteratur til barn og vaksne på ein ny måte og på ein ny stad, i fotballgarderoben. Vi ynskjer å skape leseglede, stimulere til at fleire les og oppdagar nye bøker og sjangrar. Kvelden er inspirert av Foreningen !les sitt  «Hat Trick- prosjekt, der ein jobbar med koplinga mellom idrett og lesing.  Gjennom høgtlesing, videosnuttar og forteljingar viser forfattarane Ansnes og Stavrum korleis lesing kan gjere oss til betre spelarar, lagspelarar og kanskje også til betre menneske?» Arrangementet er fullbooka og over 100 barn og vaksne har meldt seg på.

Paneldebatt
Det vert også paneldebatt kring visjonen i fylkeskommunen sin regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014 - 2017; «fysisk aktivitet for alle». Gjennom auka kunnskap, betre tilgang og  god tilrettelegging for innbyggarane i fylket er målet å auke den fysisk aktiviteten. Paneldebatten vert innleia med barne- og ungdomspsykolog Eli Føleide som seier noko om kjenneteikn ved barne- og ungdomstida, og fysiske, psykiske og sosiale endringar i denne alderen. Paneldebatten legg opp til ein diskusjon rundt visjonen, der idrettskrinsen presenterer retningslinjene for barneidretten, fotballkrinsen sin topp- og breiddeprofil og Førde IL fotball seier noko om lokal tilrettelegging. Liverpool- akademiet har ein klar filosofi rundt fair play, respekt  og inkludering. Ragnhild Lund Ansnes og Arild Stavrum deltek også i debatten.
Forfattar på turné
Ragnhild Lund Ansnes er for tida på turné i Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane med eit foredrag som tek utgangspunkt i dei to bøkene hennar  "Liverpoolhjerter" og "Liverpoolhelter". Dette er to bøker som viser kva fotball gjer med fansen og med enkeltspelarane i engelsk toppfotball. Foredraget er ei engasjerande og lidenskapeleg reise -  i heile spekteret frå fotballgalskap til fotballavsky.  I foredraget får vi høyre korleis relasjonar blir bygde gjennom fotballen -  for alle frå internasjonale toppolitikarar og rikshumoristar til narkomane og mobbeoffer. Ragnhild er tilgjengeleg for kommentarar og eller intervju i samband med arrangementet, og ho kan kontaktast på telefon 934 98 043 eller pr. e-post: liverpoolhjerter@me.com.

Program og informasjon
Program og informasjon om forfattarane og deltakarane i paneldebatten
Informasjon om turneen «Fotball: galskap eller lidenskap?»  i Den kulturelle skulesekken
• Heimesida til Raghnild Lund Ansnes: www.liverpoolhjerter.no
• Om Arild Stavrum på forlaget CappelenDamm sine nettsider: https://www.cappelendamm.no/_maradonas-m%C3%A5l-arild-stavrum-9788202451608
• Foreningen !les sitt «Hat Trick-prosjekt»: http://foreningenles.no/formidling

Kontaktpersonar

Guro Høyvik
rådgjevar, Den kulturelle skulesekken
Sogn og Fjordane fylkeskommune
e-post: guro.hoyvik@sfj.no
mob: +47 415 30 608

Atle Skrede
rådgjevar, fysisk aktivitet
Sogn og Fjordane fylkeskommune
e-post: atle.skrede@sfj.no
mob: +47 415 30 716

Bente Elisabeth Lund
rådgjevar, fylkesbiblioteket
Sogn og Fjordane fylkeskommune
e-post: bente.elisabeth.lund@sfj.no
tlf: +47 57 63 79 51


 

 

Forfattar Ragnhild Lund Ansnes og Liverpool- legende Robbie Fowler

Forfattar Ragnhild Lund Ansnes og Liverpool- legende Robbie Fowler

Johan Mathis Gaup