sff

Snart kjem Mikkel og Reverockerne og rockar barnehageborna i Sogn:)

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 02.02.15

Mikkel og Reverockerne er nokre skikkelege luringar som samlar på tekstar for born.

Dei snekrar eigne dikt, og brukar gamle songer som «Mikkel rev», «Bæ, bæ lille lam» og «Når trollmor har lagt sine elleve små troll». Så gjer dei pittesmå forandringar og seier at dei har skreve alt heilt sjølv, men alle veit jo at «Mikkel Rev» for eksempel er skrive av… Ja, i alle fall ikkje reverockarane.. Den første konserten er i Haugane barnehage i Årdal, den 23. februar. I tillegg til barnehagar i Årdal kommune skal Reverockerne til Sogndal, Lærdal, Leikanger og Vik.

Meir informasjon
Du kan lese meir om turneen her: http://skulesekken.no/produksjon_14720, og så kan du sjå meir om Reverockerne på nettsida deira http://reverockerne.no/.

Kontaktinformasjon
Øyvind Lyslo
produsent
Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga
mob. 901 13 433
e-post: oyvind.lyslo@sfj.no

 

Mikkel og Reverockarane

Mikkel og Reverockarane