sff

Brevet til kjærleiken

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 28.01.15

I dag er Sigrid Moldestad og musikarane hennar komne til Høyanger, og skal halde konsert for Høyanger VGS og Sygna VGS. Songane elevane får høyre er frå plata "Brevet til kjærleiken" og er tekstar av Jan- Magnus Bruheim, tonesette av Sigrid.

Besøkjer alle vidaregånde skular
26. januar la Sigrid Moldestad ut på turné for oss i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Ho skal besøke dei vidaregåande skulane på turneen. Jan-Magnus Bruheim, som i fleire år budde i Bremanger, skreiv dikt med uvanleg finstemt ordval, og om tema og kjensler som er kjende for dei fleste av oss. Dikta har blitt til songar som grip direkte inn i brytningstida mange går gjennom i tenåra.  Kjærleiken står sentralt, men like mykje kjensla av å vere åleine - framand og utstøtt. Saman med dei røynde musikarane sine vil Moldestad halde ein konsert for både øyrer og sinn.

Moldestad vil også halde ein open konsert på Åmot gard den 12. februar. Der kjem ho til å spele frå «Brevet til kjærleiken», men også andre songar i eit tverrsnitt av hennar karriere.

Kritikarrost album
"Brevet til kjærleiken" vart kåra til Årets album i 2014 av NRK-programmet Norsk på norsk. Albumet har også fått seksarar og femmarar av fleire aviser og kritikarar. Ove Eide, forfattar av boka «Dikt i utval av Jan-Magnus Bruheim», skildrar Moldestad sitt album slik: «Sigrid Moldestad har laga eit heilstøypt kunstverk, og fått fram Bruheim på eineståande vis. Det går ei line gjennom utvalet som både er Bruheimsk og allment, og gjennom redigeringa av tekstane har ho laga ei allmenn skildring og formidling av noko sant menneskeleg. Tekstutvalet er utruleg sterkt -og formidlinga gjer dette til ei stor oppleving.».

Meir informasjon
• Produksjonen og turneplan: http://skulesekken.no/produksjon_15991
• Jan-Magnus Bruheim: www.janmagnusbruheim.no 
• Sigrid Moldestad: https://nb-no.facebook.com/sigridmoldestad

Om den kulturelle skulesekken
Den kulturelle skulesekken (DKS) skal leggje til rette for at born og unge får tilgang til, kan gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag. DKS skal medverke til at kunstnarlege og kulturelle uttrykk vert ein del av skulekvardagen og kan verte brukt som for å nå skulen sine læringsmål. Det er kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune som administrerer ordninga her i fylket. Kvart år sender DKS Sogn og Fjordane ut 30 produksjonar på turné til skulane i fylket, innan sjangrane scenekunst, musikk, visuell kunst og litteratur.

Kontaktperson
Øyvind Sunde Høstaker
koordinator for Den kulturelle skulesekken, Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga
tlf: 952 22 168
e-post: oyvind.sunde.hostaker@sfj.no

 

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad "Brevet til kjærleiken".

Magnus Skrede