sff

Komfortsona utfordra i Umeå

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 16.01.15

Vår skulekonsertprodusent Øyvind Lyslo deltok før jul på den internasjonale produsentsamlinga Blackboard Music Project i Umeå, Sverige. Samlinga er ein del av eit EU- prosjekt der målet er å styrke både kvaliteten og kvantiteten på konsertar for barn og unge i heile Europa.

Prosjektet vert gjennomført med deltakarar frå ti musikkorganisasjonar i sju europeiske land. Forutan Noreg er Frankrike, Belgia, Kroatia, Makedonia, Finland, Danmark og Sverige med. Den norske delegasjonen bestod av Scott Rogers og Mats Persson frå Rikskonsertane, og fylkesprodusentane Ola Sundström (Aust-Agder) og Øyvind Lyslo (Sogn og Fjordane). Du kan lese meir om resultata frå samlinga og prosjektet elles på Rikskonsertane sine nettsider.

 

Øyvind Lyslo (Foto: Vegard Fimland)

Øyvind Lyslo (Foto: Vegard Fimland)