sff

PIANOVIRTUOS MØTER BARNEHAGEBORN

Øyvind Høstaker @ Sogn og Fjordane // 07.01.15

Distriktsmusikar Dorina Komani elskar å spele for born, og gler seg til å besøke barnehagar.

Når Dorina kjem til barnehagen har ho med seg 52 kvite og 36 svarte tangentar som ho skal bruke til å framføre musikk av både Mozart og Grieg. Dorina Komani kjem opprinneleg frå Albania, men har studert musikk i Noreg med nokre av verdas beste pianistar, mellom andre Leif Ove Andsnes, Håvard Gimse og Wolfgang Plagge. Til dagleg arbeider Dorina som distriktsmusikar i Sogn og ho gler seg til turneen som skal gå i januar og byrjinga av februar.  - På konserten skal borna i barnehagen få vere aktive med både lytting og aktivitetar, og dei kan også glede seg til å få møte ein kjempesnill trollmann, seier Dorina forventningsfullt.

Barnehagekonsertordninga er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Rikskonsertane som deler kostnadene likt. Det er barnehagar i Førde, Gaular, Naustdal, Hyllestad, Fjaler, Solund og Gulen som får besøk denne gongen.

(Foto: Privat)

 

Dorina Komani

Dorina Komani