sff

Turnéstart for «Vaffelhjarte»

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 07.01.15

Tysdag 6. januar starta den fylkesdekkande turneen med teaterstykket «Vaffelhjarte». Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane sender i samarbeid med Sogn og Fjordane teater stykket ut på turné for alle elevar i barneskulen i fylket. Dette er ei storsatsing, og den mest omfattande turneen nokon gong i DKS i Sogn og Fjordane.

Hovudpersonane i «Vaffelhjarte», Trille og Lena, er kjende og kjære for mange gjennom boka til Maria Parr og NRK Super sin barne TV-serie. No har Sogn og Fjordane teater og Den Nationale Scene i Bergen saman laga teater av historia om dei to niåringane frå den vesle bygda Knert-Mathilde.

BarneTV-serien har blitt sendt på NRK Super i fleire omgangar, og boka er seld til 24 land og er omsett til 21 språk. Den store internasjonale interessa for bøkene gjer at Parr no er blant dei mest omsette norske barnebokforfattarane dei siste åra. Berre Jo Nesbø og Doktor Proktor-bøkene hans er meir populære. No vert boka altså også teaterstykke og skal visast for alle elevar på barneskulen i heile Sogn og Fjordane denne våren. «Vaffelhjarte» hadde urpremiere på Den Nationale Scene 10. oktober 2014, og vert spelt for første gong i Sogn og Fjordane i morgon.

Les meir om turneen og teaterstykket:

Meir informasjon om turneen i fylket på DKS sine nettsider
Turneplan for «Vaffelhjarte» i Sogn og Fjordane
Meir informasjon på Sogn og Fjordane teater sine nettsider

Meir informasjon på Den Nationale Scene sine nettsider

 

Vaffelhjarte logo

Vaffelhjarte logo