sff

På turnè for DKS Sogn og Fjordane

Øyvind Høstaker @ Sogn og Fjordane // 26.11.14

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS) formidle profesjonell kunst til elevar i grunnskule  og vidaregåande skule i fylket.

Ein god ambassadør!

• På turné er utøvarane representantar for Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

• Det er forventa at utøvarane opptrer som gode rollemodellar.

• Det er viktig å vere imøtekommande og innstilt på å finne gode løysingar.

(Informasjonen kan lastast ned på pdf her -> )

DKS er ei nasjonal satsing finansiert gjennom overskot frå Norsk Tipping og bidrag frå kommunar og fylkeskommunar.  Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Kulturavdelinga administrerer satsinga i Sogn og Fjordane. Kvar kommune har i tillegg si lokale DKS-satsing.

Under finn du informasjon frå Kulturavdelinga til utøvarar på turné i Sogn og Fjordane:

Turnéplanar
Utøvarane finn til ei kvar tid oppdaterte turnéplanar på www.skulesekken.no

 

Kontakt med skulane
Kvar skule har ein kulturkontakt som er utøvarane sin kontaktperson. Utøvarane skal kontakte skulane for å sikre seg at besøket vert så bra som mogleg. I tillegg sender Kulturavdelinga påminning til skulane via e-post, og følgjer opp på telefon om naudsynt.

Reise, diett og overnatting
Kulturavdelinga bestiller reise til/frå Sogn og Fjordane etter avtale med utøvarane. Kulturavdelinga bestiller all overnatting og sender reiserute med oversikt over hotell før turnestart. Om utøvarane ønskjer å endre overnattingsstad undervegs, skal det skje via Kulturavdelinga v/kontaktpersonen for turneen. PÅ turné får utøvarane dekka reise og diett etter statens satsar. Utbetaling skjer i etterkant. Om utøvar fører noko på hotellrommet må han hugse å gjere opp ved utsjekk.

Sjå elles om dette i kontrakten for turneen.

Leigebil
Etter behov tingar kulturavdelinga leigebil. Følgjande vilkår gjeld ved bruk av bil leigd av kulturavdelinga:

• Utøvarane skal alltid sjekke bilen for skader ved mottak / levering og melde frå til utleigar.

• Leigebilen skal leverast tilbake i same stand som då han vart tatt i bruk.

• Vert bilen levert tilbake til utleigar utanom opningstid t.d. parkert på flyplass, parkert hos utleigar og nøkkel levert i postkasse eller liknande, skal utøvarane om mogleg ta bilete av bilen for å dokumentere kva stand den er i. Bileta skal sendast til kulturavdelinga v/kontaktperson for turneen. Dette er for å sikre at kulturavdelinga ikkje vert belasta for skader/hærverk som blir gjort på bilen etter at utøvarane har levert han.

• Eventuell privat bruk av leigebil (til utflukter, sightseeing, private besøk og liknande) skal avklarast med kulturavdelinga på førehand. Det vert i kvart enkelt tilfelle vurdert om utøvarane sjølve skal betale for slik bruk.

• Ved privat bruk av leigebil må utøvar sjølv dekke eigenandel ved skade.
• Eventuelt tjuveri eller skade på bil/utstyr skal snarast meldast til kulturavdelinga. Dersom bilen vert skada, må utøvarane fylle ut skademelding.

Økonomi
Kulturavdelinga skriv kontrakt med utgangspunkt i gjeldande rammeavtale for oppdrag i DKS

Forsikring og skade
Utøvarane må sjølv syte for at utstyr/instrument er forsikra.

Kven svarar på spørsmål?

DKS-koordinator
Øyvind Høstaker
Tlf. 952 22 168
e-post: oyvind.hostaker@sfj.no

Produsent Rikskonsertane
Øyvind Lyslo
Tlf. 901 13 433
e-post: oyvind.lyslo@sfj.no

Rådgjevar
Trygve Apalset
Tlf. 415 30 883
e-post: trygve.apalset@sfj.no

Rådgjevar
Guro Høyvik
Tlf. 415 30 608
e-post:guro.hoyvik@sfj.no

Turneleggar
Solfrid Bygstad
Tlf. 415 30 610
e-post: solfrid.bygstad@sfj.no


God tur på turné i Sogn og Fjordane!