sff

Vaffelhjarte til alle elevar i barneskulen neste vår

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 20.05.14

Våren 2015 sender Den kulturelle skulesekken teaterstykket Vaffelhjarte ut på turné. Stykket skal visast for alle elevar i barneskulen i her fylket.

Hovudpersonane Trille og Lena er kjende og kjære for mange, gjennom boka til Maria Parr og NRK Super sin barne-TV serie. No er det Sogn og Fjordane teater og Den Nationale Scene i Bergen som saman lagar teater av historia om dei to niåringane frå den vesle bygda Knert-Mathilde. Du kan finne meir informasjon om Vaffelhjarte-turneen her: http://skulesekken.no/produksjon_15140.

I samband med turneen deltek Maria Parr på DKS-konferansen vår på Skei 10. og 11. september, og det håpar vi du også gjer! Nærare informasjon om program kjem snart her på sida og på Facebooksida vår. Påmeldingsskjemaet er klart allereie, og det finn du her: http://sfj.pameldingssystem.no/dks-konferanse-2014.
 

 

Vaffelhjarte

Vaffelhjarte

Vaffelhjarte, plakat SOFT

Sogn og Fjordane Teater (SoFT)