sff

Eit jubelår i skulesekken!

Øyvind Høstaker @ Sogn og Fjordane // 20.12.13

Jubileumsåret for fylket går mot slutten. I skulesekken har dette vore markert gjennom nokre store ekstrasatsingar, og totalt sett har over 30 turnèar vore rundt på skulane med kunst og kultur.

Kringkastingsorkesteret sin konsert i samband med  250 års jubileet for fylket, var også ein del DKS-tilbodet for nokre av ungdomsskuleelvane i Nordfjord. Sogn og Fjordane Teater hadde med eigen jubileumsturné med stykket om "Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn" og Aldateatret turnerte med "Amerikareisa" ei nyskriven framsyning for dei vidaregåande skulane.

Vi er også glade for at  fylket vårt har vore med som pilot for utprøving av grendakonsertar i samarbeid med Rikskonsertane. Elevane har hatt workshop med umusikarane på dagtid og så deltek saman med dei i grendakonsert på kveldstid. 

Ei lang rekke utøvarar frå både inn- og utland har reist på kryss og tvers i heile Sogn og Fjordane for å gje elevane dei beste opplevingane.
Tilsaman har alle desse framsyningane innan dei aller fleste kunstuttrykk representert eit innhaldsrikt kunst- og kulturår til born og ungdom i fylket, med gode tilbakemeldingar frå skular og elevar som resultat.

Vi takkar alle skular for eit godt samarbeid, ynskjer ei god jul, og ser fram til nye kulturopplevaingar i 2014!

 

Best helsing

Den Kulturelle skulesekken

Fylkeskulturkontoret

 

Julehelsing

Julehelsing