sff

«Eg kunne ha sete heile dagen og høyrt på Hisham Zaman»

Øyvind Høstaker @ Sogn og Fjordane // 29.11.13

Filmskaparen Hisham Zaman har møtt undomsskuleelevar i Nordfjord med filmen sin "Bawke". Hisham er prisløna for fleire av filmane sine. Han var sjølv kurdisk flyktning og det var ei svært truverdig historie elevane fekk del i. I tillegg til eit engasjerande og viktig tema fekk dei også innblikk i viktige sider ved det å lage film.

Kortfilmen "Bawke" har fått mange tilbakemeldingar frå skulane. Her er nokre av dei:

"Dette var eit opplegg som var midt i blinken for 8. steget. Dei  fekk innblikk i eit aktuelt tema, og dei fekk lære litt om korleis ein lagar film"

"Når elevane sa kva dei syntest om filmen, brukte dei ord som spennande, trist, sterk, internasjonal, kvalitetsfilm, og profesjonelt laga. Elevane tykte at det var fint at filmen gjekk rett på sak. Dei opplevde at filmen hadde mykje handling på kort tid, og dei fekk lyst til å sjå meir. Filmen tok opp eit tema som elevane følte var viktig."

"Elevane var tydelege på at dette var eit godt opplegg. Sitat frå ein elev: « Eg kunne ha sete heile dagen og høyrt på Hisham Zaman»  "

"Takk for eit flott opplegg som eg trur opna mange sine auge for både temaet som var teke opp og den meir tekniske sida av filmskaping!"

 

Filmen ligg på You Tube med engelsk tekst.

 

Bawke

Bawke