sff

Honorarsatsar og rammeavtale

Sogn og Fjordane fylkeskommune følgjer «Rammeavtale for oppdrag for Den kulturelle skulesekken per 20.6.2012.» 

Satsar for oppdragstakarar (sjølvstending næringsdrivande):   

Frå 01.01.16  Kr 3718,-

Satsar for arbeidstakarar (lønnsmottakarar):                                

Frå  01.01.16 Kr 2894,-

Vi gjer avtalar med utgangspunkt i gjeldande rammeavtale og satsar. Det er ikkje muleg å reforhandle avtalar på bakgrunn av endring av satsar eller anna i rammeavtalen etter at kontrakten er underskriven. 

 

Scenekunst

Ved engasjement av produksjonar som er ein del av Scenekunstbruket sitt repertoar gjeld prisar fastsett av Scenekunstbruket.

 

Rikskonsertane si skulekonsertordning

For skulekonsertar gjeld «Overenkomst mellom Landsorganisasjonen i Norge og MFO og Kulturdepartementet og Rikskonsertene om løns- og arbeidsvilkår for korttidsengasjerte utøvere.»

  • Satsar for arbeidstakarar (lønsmottakarar) pr. 01.01.15: Kr 2975,-


Sjølvstending næringsdrivande får 12% (tilsv. feriepengar) i tillegg.
Det vert gitt 20% tillegg for utøvarar som har over 200 dagars ansiennitet med skulekonsertar for Rikskonsertane.

Honorarsatser Rikskonsertane 01.01.15

 

Kontraktsmalar

Kontraktsmalane er eit utgangspunkt. Kontraktane vert tilpassa den enkelte turné når det er naudsynt.