sff

Vellukka grendakonsert

Øyvind Høstaker @ Sogn og Fjordane // 14.03.13

I samband med skulekonsertturneen til Majorstuen og Fylkesmusikarane har Rikskonsertane og fylkeskommunen prøvd ut ei konsertform som er heilt ny i DKS.

Enkelte stader vert skulekonserten lagt til kveldstid for både elevar, lærarar, foreldre, søsken og andre. På dagtid får elevane høve til å delta på kurs i hallingdans, toraderspel og stev, og seinare deltek dei på konserten saman med Fylkesmusikarane, før Majorstuen kjem på scena. På denne måten vert skulekonserten gjort om til ein grendakonsert for heile bygda, som fyrste del av eit pilotprosjekt om grendakonsertar. Representantar for Rikskonsertane var med og såg korleis dette fungerte i praksis, og gav uttrykk for stor begeistring. Pilotprosjektet vil frå hausten av halde fram med andre musikarar på barneskular i fylket som vanlegvis må ta buss til skulekonsertane, og vil vare til våren 2015.

 

Majorstuen

Majorstuen