Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
filmhjelp.no - verkstad
Produksjonsliste
Program

filmhjelp.no - verkstad

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Premisset for Filmhjelp.no er at alle kan lage film med det utstyret dei har sjølv eller får lånt. Heimesida er bygd opp med tanke på at ein mobiltelefon er det einaste elevane har tilgjengeleg, og elevane får sjå korleis dei kan lage film utan at det kostar noko.

Verkstaden startar med eit 40 minutters foredrag om filmteori. Etter det deltek elevane i ei kreativ økt kor dei kan utforme sine eigne idéar og teiknar storyboard før dei realiserar filmane sine. Når filmane er redigert, er dei klare til framsyning.

I løpet av verkstaden vil kurshalderane ta føre seg dei mest grunnleggande trekka ved filmarbeid, og dei tek elevane med på ei reise frå idé til ferdig produkt. Filmhjelp.no er ei støtteside for ungdom om filmproduksjon og sida vil bli aktivt bruka under verkstaden.

«Å uttrykkje seg med levande bilete og forstå visuell kommunikasjon kan i dagens samfunn likestillast med å lese og skrive.» (St.meld. 38 (2002-2003): Den kulturelle skulesekken). Dette 10 år gamle sitatet har ikkje blitt mindre sant med åra, og digital teknologi er i dag ein viktig del av skulekvardag og fritid for elevar (og lærarar).  

I Kunnskapsløftet er digitale ferdigheiter ein av fem grunnleggande ferdigheiter, slik formulert i læreplanen for norsk:

"Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk. Dette åpner for nye læringsarenaer og gir nye muligheter i lese- og skriveopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tekster. I denne sammenheng er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kilder. Bruk av digitale verktøy kan støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner."

Liknande formuleringar finn vi andre læreplanar.

Den digitale revolusjonen har gjort filmmediet tilgjengeleg for dei fleste. Med enkle tastetrykk på ein smarttelefon eller eit kompaktkamera kan vi i dag filme med ein kvalitet som for få år sidan berre var mogleg for profesjonelle. Dette opnar for mange moglegheiter i opplæringa.

Filmhjelp.no vil vise korleis vi kan utnytte kvardagsteknologien til å lage film i ulike sjangrar og fag. Gjennom demonstrasjonar og praktiske øvingar vil elevane både få opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og til å bli tryggare både framfor og bak kamera. Skulane vil også få tilgang til ein støtteblogg med materiale som vil gje høve til å fordjupe seg i dei ulike sidene ved å lage film.

I St.meld. 48 (2002-2003): Kulturpolitikk fram mot 2014 heiter det: «Vurdert i høve til publikumsoppslutning på kino, video og fjernsyn er filmen det viktigaste kulturuttrykket i vår tid.» Opplegget Filmhjelp.no  er ledd i arbeidet for å gjere elevane meir medvitne dei moglegheitene filmen gir – og inspirere til sjølvstendig utforsking av filmmediet."

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: "Filmhjelp.no - verkstad" og heimesida Filmhjelp.no er utvikla av Firda Mediesenter i samarbeid med DKS i Sogn og Fjordane.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Andreas Altermark Regissør Utdannet dramapedagog Jobbet på Firda VGS som dramalærer Medeier i produksjonsselskapet ”Morrdi Produksjoner”.  Turnert i DKS med forskjellige produksjoner siden 2008. Har siden 2013 turnert med Filmhjelp.no over hele Norge, holdt over 300 workshops og hatt godt over 10 000 elever.

Geir Mangne Pedersen Forfatter med hovedvekt på teater og skjønnlitteratur. Blir jevnlig spilt i Norge, Danmark og Tyskland. Siste satt opp i regi av Amnesty i flere land i Sør-Amerika. Medeier i produksjonsselskapet ”Morrdi Produksjoner” .

Christina Marie Hjelén Strøm Skuespiller som har medvirket i en rekke norske filmer. Hun jobber også som dramatiker og er opphavskvinnen til suksessforestillingen #hengdeg. Christina er vår nyeste tilvekst til filmhjelptreet og skal være med oss på tur i 2018 og 2019.



Medverkande

  • Andreas Altermark (Kurshaldar)
  • Geir Magne Pedersen (Kurshaldar)
  • Christina Strøm (Kurshaldar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Anderas Altermark
Foto: Anderas Altermark
Film
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Andreas Altermark, Tlf: 905 72 877, andreas.altermark@gmail.comKontaktperson DKS:Øyvind Høstaker, Tlf: 95 22 21 68, oyvind.hostaker@sfj.no
Kontaktperson utøvar
Andreas Altermark   tlf. 905 72 877
Programlengde
4 klokketimar
Maks publikumsantal
60
Arena / rom
Klasserom med straumuttak til elevmaskinane
Er workshop
Ja
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Andreas Altermark (Kurshaldar)
  • Geir Magne Pedersen (Kurshaldar)
  • Christina Strøm (Kurshaldar)