Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kouame møter borna
Produksjonsliste
Program

Kouame møter borna

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

"På språket mitt (Gban) i Elfenbenskysten finst det ikkje eit ord for å synge, for å spele eller for å danse. Berre "Sah", som er alt på ein gong - samhald, glede, fest, rytme og tromming!" (Kouame Sereba)

Rytmesansen er universell og uavhengig av kulturell bakgrunn. Alle menneske har rytme, det har ingenting med etnisk bakgrunn å gjere. For Kouame Sereba er det viktig å syne at talent for rytme ikkje er noko mystisk og eksotisk, men noko alle kan få stor glede av.

I Norge har vi gode føresetnader for å utvikle ein naturleg rytmesans, sjølv om mange trur at det må eit varmt klima til for å kunne bruke den rytmiske sansen. I Kouame sitt heimland, Elfenbenskysten, går mange sosiale aktiviteter føre seg ute. Fest og feiring skjer rett som det er, og musikk og dans høyrer med på ein naturleg måte. Kjem naboen forbi, eller ein annan forbipasserande, blir han eller ho gjerne med på både song, leik og dans.

I Afrika vert det spelt på trommer og dansa til både kvardag og fest, til fødsel, dåp, bryllaup og gravferd. Slik blir den afrikanske musikktradisjonen formidla videre frå generasjon til generasjon. Trommer, song og dans står sentralt i ritualer, festar og forteljingar, og i ulike livsfaser som fødsel, oppvekst og død. Dette er kjernepunkt i den afrikanske kulturen.

Lærarrettleiing

PRAKTISK KONSERTFØREBUING / KORLEIS STYRKE KONSERTOPPLEVINGA?

PRAKTISK KONSERTFØREBUING

• Musikaren treng hjelp av 3-4 elevar til å bere utstyr før og etter konserten, ev. før fyrste konsert og etter siste konsert på skulen.

• Musikaren opptrer på den eine langveggen i konsertlokalet. Elevane sit på stolar i en halvsirkel framfor musikaren. Det er fint om det er ein open midtgang.

• Driftsansvarleg (vaktmeister) og involverte lærarar må få sjå denne konsertinformasjonen.

• Konserten varer i ca. 40 minutt.

• Kulturkontakt må vere tilgjengeleg under heile besøket. Det er alltid hyggeleg å bli møtt med ein kopp kaffi når ein kjem til ein ny stad.

KORLEIS STYRKE KONSERTOPPLEVINGA?

• Vi ber om at lærarane set seg saman med elevane og opplever konserten på lik line med dei.

• Bruk konsertinformasjonen og informer gjerne elevar, skuleleiing og lærarar om innhald og praktiske opplysningar. Kulturtanken og fylkeskommunen har god erfaring frå skular som nyttar elev- eller kulturvertar, eller elevarrangørar. Sjå www.eleversomarrangorer.no (brukar FLASH) for meir informasjon.

• Det er fint om elevane kan verte presenterte for konserten på førehand. Dei førebudde møta er ofte dei beste.

• Sjå gjerne også ”BRUK KONSERTEN”-opplegget vi har laga til denne produksjonen som også kan lastast ned som pdf.

OM INSTRUMENTA

D’Jembe er ei tromme som er laga av tre og trekt med geiteskinn. Mange d’jembetrommer er utsmykka med metall som gjev ein særskilt rasleeffekt. Dun-dun er basstrommer. Desse høyrer med når det vert spelt på d’jembe. Tama kan omsetjast med "den snakkande tromma". Afrikanske trommer vart opprinneleg også nytta som "jungeltelegraf", altså ein måte å kommunisere med mange over eit større område. Kouame spelar også på fleire andre afrikanske instrument som han vil fortelje om på konserten.

Nytt konserten

BRUK KONSERTEN! (kan også lastast ned som pdf under "Ressursar")

På denne konserten vil du få eit glimt inn i Kouame Sereba sitt store musikalske leikeunivers, samtidig som du får oppleve musikaliteten og rytmikken direkte på kroppen. Rytmane vert leika fram ved stemmebruk, ved å klappe/trampe og ved hjelp av afrikanske djembetrommer og andre rytmeinstrument.

1 SAMTALE

Snakk med elevane om konserten Kouame møter borna. Spørsmål kan vere:

  • Kva instrument spelte Kouame på?
  • Kvar kjem han frå?
  • Kjenner elevane til landet han kjem frå?
  • Kva slags musikk spelte han?
  • Hadde dei høyrt noko av musikken frå før?
  • Kva historier fortalde Kouame?
  • Handla konserten om noko særskilt?
  • Kva stemning kunne ein oppleve på konserten?
  • Kva forstår vi med rytme?
  • Er det nokon som spelar rytmeinstrument i klassen, i så fall kva for type instrument?

2 TEIKNE SAMAN

Elevene kan gå saman to og to, med kvart sitt blanke ark. Elevene teiknara på kvart sitt papir med utgangspunkt i konserten dei har opplevd. Fylgjande sitat frå Kouame kan eventuelt vere eit utgangspunkt:

"På språket mitt (Gban) i Elfenbenskysten finst det ikkje eit eige ord for å synge, å spele eller å danse. Berre "Sah", som er alt på ein gong - samhald, glede, fest, rytme, song, musikk og tromming!"

Elevane kan også verte oppmoda til å assosiere, fabulere og vere abstrakte når dei teiknar. Etter 30 sekund byter dei ark med sidemannen, og teiknar videre på sidemannen si teikning. Etter nye 30 sekund byter dei ark igjen. Dette held ein på med i tre minutt. Øvinga kan også gjerast ved at arket vert sendt rundt i heile klassen. Deretter kan ein snakke med elevane om teikningane og stille ulike spørsmål, som td.:

  • Kva var det fyrste elevane teikna?
  • Kva hende med teikninga på vandring mellom to elevar, eller på reisa rundt i klasserommet?
  • Korleis vert vi påverka av andre sine val?
  • Kva var utgangspunktet for teikninga, og kva vart resultatet?

Opplegget kan utvidast med at alle elevane i klassen teiknar på same teikning, anten på eit stort ark eller på eit lerret. Saman lagar dei då eit bilete som seinare kan hengast opp i klasserommet.

3 KVIFOR?

  • Elevane vert gjennom teikninga bevisst på og inspirert av medelevane sitt skapande arbeid
  • Elevane skapar sine eigne tolkingar av konsertopplevinga gjennom bilete
  • Elevane lærer seg å ta omsyn til kvarandre og til å samhandle om ein aktivitet

Set gjerne saman alle teikningane til ei bok, eller send dei gjerne til fylkeskommunen (e-post til oyvind.lyslo@sfj.no) som ei tilbakemelding på konserten (vi vil også gjerne ha tilbakemelding på konserten gjennom nettsidene våre).

Teikningane kan også fungere som inspirasjon til vidare skapende arbeid.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Øyvind Lyslo, Sogn og Fjordane fylkeskommune
    Mob. 90 11 34 33
    E-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • Idé/ opplegg: Kouame Sereba og Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertene

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Kouame Sereba kom til Noreg frå Elfenbeinskysten i Vest-Afrika i 1984. Han er dansar, pedagog, instruktør, kurshaldar og verdsmusikar. I Noreg har han jobba med musikk innan eit stort mangfald, og er ein av dei utøvarane som har reist mest for Rikskonsertane i heile landet. Han er mykje nytta på kurs der målet er å frigjere og bevisstgjere dei leikande rytmane som er i oss alle. Kouame Sereba har i tillegg hatt ei rekkje barnehageturnear, også her i fylket. Han har elles medverka i CD-prosjektet «Fra Setesdal til Senegal», og er fast medlem i gruppa DOZO som spelar musikk i skjæringspunktet mellom fleire afrikanske musikktradisjonar og improviserande musikk. Han spelar også i gruppa ZIKALO som gjesta ungdomsskulane i fylket for nokre år sidan. Han har samarbeidd mykje med andre norske musikarar, m.a. Kirsten Bråten Berg, Steinar Ofsdal og Erik Wøllo. I 2016 gav han ut boka "Become the teacher they will never forget", ei bok som handlar om formidling til born. Dessutan er Kouame onkelen til Nico i Nico & Vinz.

Du finn meir informasjon om Kouame på www.kouamesereba.com


Medverkande

  • Kouame Sereba (Musikar og formidlar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Kouame Sereba
Foto: Kulturtanken
Kouame
Foto: Lars Opstad/Kulturtanken
Kouame Sereba
Foto: Lars Opstad/Kulturtanken
Musikk / World Music, tradisjonell
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Øyvind Lyslo
Kontaktperson utøvar
Kouame Sereba, mob. 900 62 914, e-post: sereba@gmail.com
Programlengde
40 min
Maks publikumsantal
160
Arena / rom
Gymsal/aula eller anna eigna konsertlokale
Berehjelp
3-4
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
Blending er ikkje naudsynt, i utgangspunktet er dette ein akustisk konsert. Ved større grupper kan det verte nytta forsterkaranlegg.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Mob. 90 11 34 33
E-post: oyvind.lyslo@sfj.no
Medverkande
  • Kouame Sereba (Musikar og formidlar)